Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Modalen
Lokalhistorie

 

          
Bygda og kulturen
Forfatter: Osterfjord Reiselivslag
Publiseringsdato: 31.07.2005


Foto: Scandion

Ei reise gjennom Osterfjorden er ei reise gjennom eit kulturhistorisk landskap. På Osterøy, den største innlandsøya i landet, finn du vakre fjordbygder med gammal arkitektur frå den tida då dampbåten gjekk på fjorden. 

På sørsida av Osterøy ligg Havråtunet, eit av dei best bevarte klynjetuna i landet. 

Innover på øya finn du eit vakkert kulturlandskap med bølgjande åsar og veldrivne gardar. Gardsdrift og handverk har vore viktige næringskjelder for ostringane. Osterøy har mange kulturskattar, mellom anna Hamre kyrkje, Ole Bull-huset og Osterøy museum. 

Innover Sørfjorden kjem du til Vaksdal og Dale, industristader som voks fram som følgje av fossekraftutbygginga. På Dale finn du Dale of Norway, som er verdskjend for strikkevarene sine. Folk har budd i Osterfjord i uminneleg tider. I Skipshelleren på Straume budde det folk for 6000 år sidan. På ferda ut Bolstadfjorden kan du oppleve laksegiljer. Sal av laks var ei god inntektskjelde for bøndene i Osterfjord, og dei utvikla sin eigen fangstmetoden - laksegiljene. Vegane langs fjordarmane er reine kunststykke, og du kan sjå dei mellom anna på vegen frå Dale til Modalen. 

Modalen er ein kommunen med store kontrastar. Modalen har vore kyrkjestad heilt frå middelalderen, og i Mo kyrkje kan du sjå altertavla frå 1612. 

I tillegg til jordbruk har utskiping av singel og sand vore ei viktige inntektskjelder for modølingane. Stølsdrift var ein del av gardslivet, og den freda Otterstadstølen ligg vakkert til ikkje langt frå Mo. Dei siste tiåra har Modalen blitt ein rik kommune på grunn av vasskraftproduksjonen, noko som har ført til mange velferdsgode for innbyggjarane. Modalen er óg innfallsporten i Stølsheimen, eit av dei vakraste fjellområda på Vestlandet. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal