Arrangement i 2008
Kraft- og industrisamfunnet Odda hundre år!
4. mai 2008 er det 100 år sidan Tyssedal Kraftanlegg
leverte elektrisitet til storindustrien i Odda. Bondesamfunnet og turistbygda
inst i Hardanger endra seg radikalt på rekordtid. Odda vart ein liten
by, med gatelys og moderne bustader.
Odda kommunestyre har tatt initiativ til å markera
jubileet. Lag, organisasjonar, næringsliv og privatpersonar er inviterte
til å utforma programmet for jubileumsåret.
2008 vil vera jubileumsåret i Odda. Hovudmarkeringa
blir den første delen av mai. Gjennom året blir det arrangement
med blikk på både historia, mangfaldet og kvalitetane i dagens
samfunn og utfordringar framover. Her blir det noko både for store
og små, fastbuande og besøkande...
|