|  Tjorehagen (15.05.2001)
 Foto: Scandion.
 Tjorehagen - livsverket til Olav Tjore på 15 mål
er ein naturhage - rik på ville plantar, dyr og fuglar. I dag veks
det 400 ulike rhododendronartar og like mange tre og eksotiske buskar.
Det første treet Olav Tjore planta i hagen var ei eik, planta i
romjula 1960.
 Tjønna, det mest sentrale i hagen, var ikkje her
frå først av. Ei våt myr med ein liten dam vart etter
mange spadetak og mange trillebårlass med god Rhododendronjord forma
til den naturperla den er i dag. 
 Her kan du kvile deg på benken og oppleve eit fantastiske
fargespel i og omkring Nøkketjørn. Og Kristinabrua 
er eit vakkert skue. |