Manger
(09.07.2006)
Manger er ein tettstad og kommunesenter i Radøy
kommune.
Folkemengd: 814 (2005)
Postnummer: 5936 Manger
Prestegjeldet Manger og kyrkjesoknet Radøy
Manger er eit prestegjeld i Nordhordland prosti i Bjørgvin
bispedøme i Den norske kyrkja. Frå 1. januar 2006 er dei tre
«gamle» sokna i Manger prestegjeld, Hordabø, Manger
og Søbø, slegne saman til eit nytt sokn - Radøy sokn.
Soknet har dei same geografiske grensene som Manger prestegjeld.
Prestegjeldet famnar same område som Radøy
kommune. Det er fire kyrkjer i prestegjeldet; Hordabø kyrkje, Manger
kyrkje, Sæbø kyrkje og Emigrantkyrkja på Sletta. I tillegg
er prestegjeldet medeigar i Fjon fjellkyrkje.
Den tidlegare kommunen Manger
Manger vart eigen heradskommune frå 1838 i samsvar
med formannskapslovene av 1837. Etter kvart vart sokna Herdla, Hjelme,
Sæbø og Hordabø delt i frå til eigne sjølvstendige
heradskommunar. Ved kommunesamanslåinga gjeldande frå 1964
gjekk Manger kommune inn i den nye Radøy kommune, saman med kommunane
Sæbø og Hordabø. Kommunen låg i Nordhordland,
og før kommunesamanslåinga i 1964 grensa dåverande Manger
mot Hordabø kommune i nord, til Lindås i aust, til Sæbø
i sør og til Hjelme kommune i vest.
Manger folkehøgskule som mellom anna har musikklinje
spesialretta for messingblåsarar og slagverkarar ligg i bygda, og
saman med mellom andre Manger Musikklag har det vore medverkande til at
det har utvikla seg eit rikt korpsmusikkliv i området. Kjelde: Nynorsk
Wikipedia
|