Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Radøy
Lokalhistorie
Hordabø kommune

 


 

 

     
Hordabø kommune
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 08.08.2006
 
Hordabø vart eigen heradskommune frå 1924, då Bø sokn vart utskilt frå Manger kommune. Fram til 1925 var namnet på sokna og heradskommunen Bø. Då vart det ved kongeleg resolusjon av 13.03.1925 endra til Hordabø. 

Ved kommunesamanslåinga gjeldande frå 1. januar 1964 gjekk Hordabø kommune inn i den nye Radøy kommune, saman med kommunane Sæbø og Manger. 

Før kommunesamanslåinga i 1964 grensa Hordabø mot havet i vest, mot Fedje kommune i nordvest, mot Austrheim i nord, mot Lindås i aust og mot Manger kommune i sør. 

ORDFØRARAR I HORDABØ KOMMUNE 1924 - 1963: 

Bertin Insylta 1924 - 1925 
Elias K. Marøen 1926 - 1928 
Andreas Lamberg 1929 - 1947 
Alfred Nordanger 1948 - 1951 
Johannes G. Bøe 1952 - 1955 
Alfred Nordanger 1956 - 1959 
Johannes Bøe 1960 - 1963 

Kjelde: hordarkiv.hl.no 
 


 
 

 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal