Nøtlevåg
Forfattar: Leidulv Hundvin
Publiseringsdato: 23.11.2006
Då bygdemeieria hadde si oppblømingstid i
slutten av 1800-talet - og fyrstninga av førre hundreåret,
vart det bygd meieri i mest kvart bygdelag som låg mot fjorden. Einskilde
bygder hadde alt ein brukbar kai då meieriet vart bygd, andre bygde
kaien samstundes.
I Meieribruket i Hordaland står det at Nøtlevåg
meieri vart skipa i 1896. Det gjekk vel gjerne eit år eller to frå
skipinga til meieriet stod ferdig, noko som var vanleg andre stader. Men
meieriet vart i alle høve bygt før århundreskiftet.
Nøtlevåg er ein av dei gamle dampbåtkaiene
som dei færrast no legg merke til. Bilete viser D/S «Herdløfjord»,
bygt i 1907 og seld i 1950 - liggjande ved kaien. Eigar av bilete: Per
Arne Krokås, Strusshamn.
Sjølve Nøtlevågen er ein smal tarm
som skjer seg inn i landet, og etter det professor Oddvar Nes ved Nordisk
Institutt meiner, kan namnet tyda - ein våg der det veks nesler rundt.
Planta nesle vert også kalla notla, og i Nordhordland gjerne nøtla.
For oss var dette nytt, og vi takkar for opplysninga. Sjølv hadde
vi vore inne på tanken not eller nøter, og at det var ein
våg der det vart gjort steng.
Vi har ofte spurt oss sjølve kvifor meieriet vart
lagt her og ikkje på Askeland, som for oss tyktest vera ein meir
høveleg stad. Men det har visseleg sine naturlege grunnar, og vi
kan tenkja oss at opplandet rundt - eller nedslagsfeltet, om ein vil kalla
det slik - har vore avgjerande.
Hadde vi no vore mykje lærde og skrive «fint»,
ville vi truleg ha brukt ordet «influensområde». Slike
ord klør i øyro, og vi veit med ein gong at den som brukar
dei har - ein gong sett i bok -, som han sa mannen.
Staden Nøtlevåg - som i dei reisande sine
augo kunne sjå ring og lite påakta ut, har eit stort oppland.
Vi nemner i fleng av gardane; Olsvoll, Tolleshaug, Dale, Taule, Vågstøl,
Askeland, Namtveit, Kolås, Brattetaule, Marås, Haugstad, Halland,
Sævdal og Lervik leverte mjølka si dit.
Frå dei næraste gardane vart mjølka
boren på ryggen til meieriet, og mange store tankar vart tenkte av
unggutane under den meir eller mindre tunge mjølkebyrda, medan fatlane
skar seg inn i mange guteskuldrar.
Dei som budde lenger borte danna køyrelag, og der
kunne bøndene på fleire gardar slå seg saman slik at
dei slapp køyra til meieriet meir enn tre - fire dagar i månaden.
Det var til vanleg innlevering både morgon og kveld, så mykje
av dagen rauk til dei dagane dei hadde mjølkekøyring.
Men det mest avgjerande for at meieriet vart bygt i Nøtlevåg
er truleg det gode hamnetilhøvet. Her kunne båten liggja trygt
under innlastinga, kor uroleg veret enn munde vere. Mølka var inntekta
og levevegen, og difor var det viktig å få henne av garde til
byen utan å spilla ein drope.
Dessutan - og det var gjerne endå viktigare - ligg
det eit vatn i nærleiken av Nøtlevåg. Dette vatnet -
eller tjørna - gav is vinterstid til avkjøling av mjølka
i den varme årstida. Isen var ein viktig faktor. Var det milde vintrar
kunne det vera eit hovudbry for meieristyret og isaformannen kvar dei skulle
skaffa isen frå, for utan is vart det inga mjølkelevering
om sumaren, og då vart det heller ikkje innkome.
Vi er difor visse på at tunge byrder fall av skuldrane
på bøndene den dagen ishuset var fullt, og isen kunne dekkast
med bork og anna isolasjonsmateriale.
Kaien, meieriet og handelsbua var ikkje lite av eit kultursentrum
i bygdene. Her møttest folk kvar dag, her utveksla dei tankar og
meiningar, og her frette dei nytt frå dei andre gardane.
I Nøtlevåg skipa bygdefolket sitt eige handelslag
som fekk namnet Nøtlevåg handelslag, og det vart opna den
2. januar 1920. Etter at båtane slutta å gå dit, vart
handelslaget flytta til Lunde, og fekk då namnet Radøy Samyrkelag.
Det er i full drift den dag i dag (1988), og styraren - Georg Dalland -
har nett fått Norges Vels Medalje, og heidersteikn frå Norges
Kooperative Landsforening for trufast teneste gjennom 40 år.
Når det gjeld meieriet, så vart Nøtlevåg
meieri - slik dei andre småmeieria - råka av sentraliseringstanken
og store einingar. I 1953 vart meieriet lagt ned, og mjølka overførd
til Manger.
Manger Meieri som overtok heldt til på Manger kai,
men alt ved påsketider i 1964 stod det nye stormeieriet oppe ved
hovudvegen ferdig, og det fekk namnet Radøy Meieri.
Etter flyttinga til Manger var ryggbering og hestekøyring
av mjølk slutt. No vart mjølka send med bilar, og i mange
år var mjølkekøyring frå produsent til meieria
ei god inntektskjelde for selskapet vårt (BNR).
Men etter kvart vart all mjølkelevering i spann
slutt, så no har kvar gardbrukar sin eigen mjølketank der
mjølka vert kjøld ned, og henta inn til meieriet tredjekvar
dag.
Jau, tidene har i sanning endra seg.
-----------------------------------------------------------
Denne artikkelen er henta frå BNR-nytt nr. 2 1988 |