Radøy
- frå tre til ein kommune
Tekst og foto: Scandion
I 1924 vart Sæbø og Hordabø eigne
kommunar - Sletta høyrde til Lindås og Straume til Austrheim,
og dei tre kommunane på Radøy stod ved lag fram til 1964.
Då vart omtrent heile øya ein eigen kommune
med Manger som sentrum.
I Aschehougs konversasjons leksikon (1957) finn vi dette
om Hordabø herred :
Hordabø herred (utskilt frå Manger) i Hordaland
fylke, hadde i 1955 1839 innbyggarar. Arialet var 39 km2. Herredet svara
til Hordabø sokn av Manger prestegjeld.
Det ligg i Nordhordland på den nordvestlege del
av den skogbare Radøy med omkringliggande småøyar.
Hordabø ligg innan det geologiske felt som vert kalla Bergensbuane
: lag av skiferhaldig berg med vekslande hardleik. Dei harde laga dannar
paralelle langstrakte ryggar, halvøyar og øyar skilt av myrlendte
dalsøkk, vikar og sund med mjukare lag. Dalane og ryggane føl
lagas strøkretning, som i Hordabø er n.v. - s.ø.
Landskapet verkar temmeleg flatt. Åsryggane er berre
ca. 25-50 m høge. Det høgaste punkt i Hordabø er 81
m.o.h.. Enkelte småvatn, tilsamann 1 km2.
Tyngda av busetnaden ligg på vestsida mot Fedjefjorden-
Hjeltefjorden. Marøy (1 km2) med 125 innbyggarar er den einaste
av øyane utanfor Radøy i Hordabø som er busett. Innbyggartalet
i Hordabø har gått ned siden 1930.
Det går riksveg langs vestsida av heile Radøy.
Ein fylkesveg set austsida i forbindelse med riksvegen. Rutebil over Radøy
i korrespondanse med båt frå Alverstraumen på sør-austspissen
til Bergen.
Vel 40 % av befolkninga i Hordabø lever av jordbruk,
ca. 20 % av industri og 10 % av samferdsle, vesentleg sjøfart (1950).
Jorda er fruktbar. Den består vesentleg av formolda
myrjord, og brukt hovudsakleg til fórproduksjon. I 1949 hadde Hordabø
267 bruk med meir enn 5 dekar jordbruksarial, over halvparten var under
35 dekar. Ca. 800 dekar var åker og hage, mest poteter, 8990 dekar
var eng og beite og 7550 dekar var udyrka jord skikka for dyrking.
I Hordabø er det eit par hermetikkfabrikkar, sementstøperi,
sandtak, trevarefabrikk. Avdelingskontor av Manger sparebank.
Hordabø er tilslutta Nordhordland kommunale kraftlag.
Forventa formue i kommunen 1956/57 kr. 4 811 400
Forventa inntekt kr. 3 771 300
Stemmer ved stortingsvalet 1953:
A. 276, B. 78, H. 22, K. 5, F. 313, V. 93.
- Namnet på herredet og soknet var egentleg Bø,
men då Hordabø vart skilt ut frå Manger (1924) vart
horda- (frå Hordaland) sett inn i namnet; dermed vart det ikkje samanblanding
med andre herredsnavn Bø. |