Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Sund
Attraksjonar
 

 

   
Nordsjøfartmuseet 
Tekst og foto: Scandion
   
Nordsjøfartmuseet i Telavåg vart opna den 26. april 1998. Arkitekt Paal J. Kahrs har teikna eit flott og moderne bygg med konferanserom og kinosal til nærare 100 personar.

Nordsjøfarten
Allereie sommaren 1940 byrja enkelte å ta seg over Nordsjøen til Storbritannia, først og fremst til Shetland. Dette utvikla seg etterkvar til å bli ei organisert verksemd både på norsk og britisk side. 

Frå kysten av Vest-Noreg drog båtar med flyktningar, og frå Shetland drog båtar med agentar på spesialoppdrag attende til Noreg.

Telavåg har fått ein spesiell plass i norsk okkupasjonshistorie. Den vesle bygda låg heilt sentralt til for nordsjøfarten, og både Shetlandsgjengen og andre skøyter landsette og henta agentar i området. Lokalbefolkninga var dessutan ivrig med i motstandsarbeid og dreiv aktivt hjelpearbeid for nordmenn som måtte flykte under krigen. 

Telavågtragedien
I april 1942 avsløra ein angjevar dette for tyskarane. Under den etterfølgjande militæraksjonen døydde dei to høgtståande Gestapo - offiserane Gerhard Berns og Henry Bertram, og ein av dei norske Linge-karene, Arne Medal Værum i ei skotveksling. 

Denne hendinga utløyste den verste terrorhandlinga som tyskarane gjennomførde i Noreg under krigen - for Telavåg blei jevna med jorda 30. april 1942. 

Reichskommisar Josef Terboven kom personleg til Telavåg for å sjå til at bygda blei straffa. Husa blei sprengt og brent, båtane senka og buskapen slakta. Alle dei 72 mennene mellom 16 og 60 som var i bygda blei sendt til Sachsenhausen konsentrasjonsleir, der 31 døydde. Resten av folket frå Telavåg, kvinner og barn medrekna, blei internert i Noreg. På Trandum blei 18 fangar som sat i arrest for andre forhold henretta som «sonoffer» for dei to Gestapo-offiserane. Den overlevande Linge-karen, Emil G. Hvaal, og sonen i huset der skotvekslinga fann stad, Lars Telle, blei henretta nokre månader seineare.

Det næraste ein kjem liknande hendingar var i Lidice i Tsjekkia og Oradour-sur-Glane i Frankrike. Faktisk var Telavåg eit av tiltalepunkta ved Nürnberg-domstolen som gjaldt norske forhold.

Utstillingar og konferansar
Dei tre faste utstillingar på museet omhandlar Telavågtragedien, Nordsjøfarten og Shetlands-Larsen. For å setje Telavågtragedien i eit større perspektiv er det og sett av plass til skiftande utstillingar som syner fleire sider ved krig/fred-problematikken. Museet arbeider med planar om nye utstillingar og tema som ikkje er belyst enno - mellom anna historia om dei som greidde å flykte frå Telavåg før tyskarane kom. Dei fekk verken erstatning eller merksemd då krigen var slutt - men miste alt dei eigde, og levde i frykt under heile krigen for at tyskarane skulle kome å hente dei.

Telavågkonferansen, som museet har arrangert, har mellom anna sett spørsmål knytta til brot på menneskerettane på dagsorden.

Nordsjøfartmuseet ligg i ein fantastisk natur - og museet oppmodar folk om å vere med på den tradisjonsrike guida turen gjennom utmarka  frå Selstø til Glesvær som går siste søndag kvar månad om sommaren.

Kjelder:
Nordsjøfartmuseet
wikipedia.org

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal