Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Sund
Fakta
Folketalsutvikling

 

    
Sund kommune
Foto: Scandion
 
Oppretta som eigen kommune i 1886
Kommunenr.: 1245 Fylke: Hordaland 
Administrasjonssenter: Skogsvåg 
Flatevidde: 99,3 km² Folketal: 5812 (2008) 
Målform: Nynorsk 

Sund kommune ligg på søre del av øya Sotra, vest for Bergen. Kommunen si grense stammar frå 1886 då Austevoll kommune i sør og Marsteinen Fyr vart skilt frå som eigen kommune. Næraste nabo i vest er Shetland, 180 nautiske mil rett vest. 
Fiske har vore ei viktig næring for kommunen. Olje og gassressursane frå Nordsjøen har ført til økonomisk vekst og auke i folketalet.

Lyngheiar og myrar er den dominerande landskapstypen på vestsida av Sotra. I myrane vart det tidlegare teke torv til brensel og lyngheiane har vore nytta til slått og beite. På seinsommaren prydar klokkelyng, purpurlyng og røsslyng steinrabbane. I myrane står myrulla og lyser.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal