Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Vaksdal
Lokalhistorie
 

    

    
Skipshelleren på Straume
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 05.02.2005


Foto: Scandion.
  

På Straume i Vaksdal kommune finn du Skipshelleren, eldste steinalderbuplassen i denne delen av landet. Denne forhistoriske plassen kan du vitje med eller utan guide.  

Under den naturlege steinhelleren har ein gjort rike funn som fortel at det har budd folk her heilt frå 6000 år f.Kr. Namnet Skipshellaren er komen til i dei seinare hundreår, då hellaren vart brukt som opplagsplass for båtar og skip om vinteren. Kva dei som levde i hellaren har kalla denne eldgamle buplassen - er gløymt for alltid. 

I dag er dette ein av dei mest kjende steinalderbuplassane i landet. Under utgravingar i 1930/31 vart det avdekka eit rikt buplassfunn. 

Golvet i helleren vart brukt som avfallsdunge. Ved å grave seg nedover i eit 1,70 m tjukt kulturlag, der det eldste sjiktet truleg er restar frå Nøstvetkulturen i eldre steinalderen og inneheld betydelege mengder oldfunn og dyreknokler - især hjort, fjordsel og villsvin, har ein kunna stadfesta korleis livet var for steinaldermenneska i dei ulike tidsepokane. 

Dei øverste laga skreiv seg frå folkevandringstida. Der vart og funne restar etter sau, geit og ku. 

Av funna er det få steinsaker, men det som kom fram for dagen av beinreidskapar og avfallsreistar i hellaren, plasserer funnet i første rekkje mellom vestnorsk steinalderfunn. 

Dei eldste funna er daterte til omlag 4300 f. Kr. (ukalibrerte 14 C-alder). På den tida då folk busette seg her første gongen, låg hellergolvet berre nokre få meter over flomålet. Klimaet var varmare enn no. Fisken i fjorden og dyrelivet i den frodige eikeblandingsskogen skapte eit godt livsgrunnlag, og den lune hellerveggen gav ly for fangstfolket. 

Under helleren er sanden svart, nesten som oske. Her kor det aldri regnar eller veks planter, budde steinaldermenneske kortare eller lengre tid. 

Her var det god tilgang på vilt, fersk- og saltvassfisk, og dei første som held til her var fangstfolk. 

Heilårsbustad var det neppe, men dei nytta Skipshellaren som bustad nokre veker eller månader kvart år. Her budde både menn, kvinner og born. Fleire år etter at utgravingane var avslutta vart det, i utkanten av avfallsdyngja, funne eit kranium av eit 5-6 år gammalt barn. Den radiologiske dateringa syner at barnet har høyrt til dette fangstfolket. 

Utgravingane kunne skilja ut 7 ulike kulturlag som spenner over minst 6000 år. Beinfunn av sau, geit og ku syner ein byrjande bondekultur. Hellaren var i bruk både i eldre og yngre bronsealder, likeeins eldre og yngre jernalder. Tilsaman er det samla inn 175 000 beinflisar, reidskapar av ulike slag, som restar av våpen, kokekar og prynadsting. 

.................................................................................................... 
Kjelde : 
Vaksdal kommune 
Hordaland fylkeskommune : Kulturhistorisk vegbok 1993. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal