Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Vaksdal
Lokalhistorie
 

    

    
Minne om fraktefarten
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 24.07.2005
 

Foto: Scandion.
 
På Stamnes i Vaksdal kommune finn ein denne bautanen. Reist i 1977 av veteraner i fartylaget, til minne om dei som grunnla fraktefarten på Osterfjorden.  

Steinen er henta frå eit gatesteinbrot på Stamnes, som vart starta av Bergen kommune i 1871. Steinbrotet danna grunnlaget for den ærverdige fraktefarten som vaks fram på Osterfjorden og bautaen er eit minne både over dei som hadde arbeidet på sjøen, og dei som strevde i steinbrota eller sleit i leir- og sandgruvene. 

Sandfarten var ei næring som tok til kring 1870 i Stamnes og Straume, og som tok seg opp utover etter 1910. Næringa vart ei av dei største og viktigaste for desse bygdene i moderne tid og skapte grunnlag for auka busetnad langs fjordane. På Straume har det vore teke ut sand i fleire terasse-ringar som viser att i landskapet, jamvel om sandtaka no er attgrodde. 

Sandtak i naturlege terassar med avsetningar av sand og singel har gjeve grunnlag for ei god attåtnæring dei siste hundre åra. 

Sand til husbygging og vegar vart ført i flatbotna "Ostraskuter", seinare i sandskøyter, og frakta til distrikta ikring, særleg til Bergen. Nordvest for Straume bru vart det skipa ut mykje sand på store lastetippar, som tippa sand ombord i fartøya. Det første sandtaket var på Demring, der sanden vart lasta med trillebår ombord i sandskuter. 


Ostraskuta
   

Dei flatbotna skutene som frakta ved, bork og andre tunge varer til Bergen, høvde godt for ferdsla opp den strie og grunne Bolstad-straumen. Ein modell av den tradisjonelle Ostraskuta er bygd oppatt og ligg på Stamnes idag. 
Etterkvart som behovet for ulik transport frå Bolstadfjorden og ut Osterfjorden endra seg, vart skutene både meir lettsegla og lettrodde. Kor gammal båttypen er, kan ein vanskeleg slå fast i dag, og det er heller ikkje sikkert at det berre er tale om ein bestemt type, men om føringsbåtar av ulik storleik til ulike føremål. 

Båtane kunne lasta opp til 8 famnar ved, og vedfarten var ein viktig varetransport. Tradisjonen fortel om bønder som gjekk i fast fart med ved til bakarane i Bergen.  

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal