Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
2. verdskrig
 

   

 
Andre verdskrigen 
( 18.06.2006 09:41 )

Den andre verdskrigen var den mest omfattende militære konflikta i verdshistoria. Krigshandlingar skjedde i fleire verdsdelar samstundes. Krigen kosta kring 55,5 millionar menneske livet. Krigen i Asia byrja med Japan sitt forsøk på å leggja under seg delar av Kina i 1931. I Europa braut krigen ut i 1939. Tyskland gjekk til åtak på Polen. 

Aksemaktene var Tyskland, Italia, Japan og deira allierte. «Dei allierte» var i all hovudsak Storbritannia, USA, Sovjetunionen og Kina. Krigen enda med Japan sin kapitulasjon 2. september 1945. Sambandsstatane (USA) hadde sluppe atombomber over dei japanske byane Hiroshima og Nagasaki, og utrydda hundretusenvis av japanske sivile. 

Dei skandinaviske landa var nøytrale. Tyskland gjekk til åtak på Noreg og Danmark i byrjinga av april 1940. Tilsvarende vart Island, Færøyane og Grønland (danske koloniar) hærsett av dei allierte. 

Finland måtte først forsvara seg mot sovjetisk åtak under Vinterkrigen vinteren 1939-40, noko dei gjorde godt og fekk mykje sympati for. Men dei finske leiarane allierte seg så med nazi-Tyskland i det finnane kallar «Framhaldskrigen» mot Sovjetunionen frå sommaren 1941, der dei ikkje berre tok att tapte område, men dreiv krigføring langt inn på udiskutabelt sovjetisk område ilag med dei nazistiske styrkane. I 1944 trekte Finland seg frå denne svært uheldige alliansen med Adolf Hitler, og utkjempa Lapplandskrigen. Finnane fekk til ein etter måten gunstig fredsavtale med Sovjetunionen som gjorde at finsk sjølvstende og demokratisk styreform vart bevart. Men dei måtte gå med på nokre grenseendringar (som blant anna gjorde at Noreg fekk felles grense med Sovjetunionen. 

I Europa var berre Sverige, Irland, Sveits, Portugal og Spania formelt nøytrale gjennom heile krigen. Kjelde: Nynorsk Wikipedia 

Noreg under andre verdskrigen 
Den andre verdskrigen råka Noreg hardare enn nokon annan moderne krig hadde gjort. Landet opplevde krigshandlingar og okkupasjon, med totalitært styre og motstandsrørsle. Krigsåra var prega av mangel på mat, utstyr og informasjon, med sensurerte nyhende og kulturliv. Mange måtte velja side – skulle dei risikera livet og jobbe mot okkupasjonsmakta, eller samarbeida med okkupasjonsmakta og bli sett på som landssvikarar? Krigen førte til auka norsk samhald og nasjonalkjensle, men òg hat mot «overløparane» som etter krigen førte til harde straffer, både juridisk og uoffisielt. Kjelde: Nynorsk Wikipedia 


 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 

2. verdskrig
 "Altmark"
Frontkjempar 
Hamburg
Maginotlinja
Münchenavtalen
Leidebåt 
Forsyningsnemnd
Forræderi 
Illegale aviser
V 1 - den flygande bomba
Tysklandsbrigaden
Måløyraidet
Husbanken
Krigsskadetrygd
Feltprest
EV
Finn Backer 
asdic
Aachen 
Europahjelpa
Elverumsfullmakta
Casablanca-konferansen
Bergen-Belsen
Ein pioner i norsk luftfart
Harold Alexander
Alaskavegen
Auschwitz
Atlanterhavserklæringa 
Atomkommisjonen
Administrasjonsrådet
"Nacht und Nebel"
Låne- og leigelova
Little Norway
Ubåt - eit farleg våpen
Krigens ofre
For Noregs fridom
Flya som avgjorde 2. verdskrig
268 mann i aktiv teneste
Shetlandsbussane
Bauta for fred og fridom
Colossus knekte kodane
Kappløp om atombomba
Den frykta V-2-raketten
Slaget om Atlanterhavet
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal