Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Byggverk
 

    

    
Verdas sju underverk
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 04.06.2003

Sett i forhold til moderne teknikk og byggjekunst, er oldtidas sju underverk fantastiske prestasjonar. 
Av dei sju byggverka er det berre eit som har stått imot tidas tann : Cheopspyramiden i Egypt. 

Dei hengande hagar i Babylon 
Ved det kongelege slott, på austsida av Eufrat, vart det bygd hagar oppe på 30 meter høge steinpilarar. Mellom pilarane var det lagt store steinar, og oppå desse var det murstein og kalk. 

Hagane var bygd opp i seks terassar, bunde saman med trapper. Jordlaget var så tjukt at alle slags trær og plantar kunne slå rot. Vatn blei pumpa opp frå elva til den øverste terassen. Derfrå gjekk det rør til alle fontenene på terassane som låg nedanfor. På toppen låg slottet, skinnande av sølv, gull og elfenbein. På avstand såg hagen ut som ein skogkledd ås. 

Etter Herodotos skulle den babylonske kongen, som stod som byggherre for dette underverket, skapt det for at dronninga, ei prinsesse frå Media, ikkje skulle bli plaga av heimlengsel i slettelandet mellom dei to elvane. Prinsessa heitte Semiramis, og underverket vart i lang tid kalla Semiramis´ hengande hagar. 

Utgravingane i Babylon i seinare tid viser at dei greske og romerske beretningane om desse hagane var temmeleg overdrevne. 
Men ein har funne restar av søylehagane og brønnen som vatnet vart pumpa gjennom. Truleg er det kong Nebukadnesar som let hagane bygge om lag 500 år f. Kr. Semiramis er ein sagnfigur. 

Artemis-tempelet i Efesos 
Tempelet i Efesos, som vart bygd til ære for Artemis, vart påbegynt omtrent samtidig som dei hengande hagar i Babylon. Det tok 120 år å fullføre tempelet, og alle dei greske byane i Lilleasia var med på å betale dei kolossale byggekostnadane. Artemis er i den greske mytologo nærmast ei skog- og jaktgudinne, av romerane kalla Diana. 

For at tempelet ikkje skulle bli ødelagt av jordskjelv, vart det bygd på myrjord, som vart fylt med trekol og stampa så det vart steinhardt. Oppå eit lag av hud vart det bygd eit trappefundament på ti trinn som sokkel for tempelet, som var bygd av kvit marmor frå marmorbrota i nærleiken. Rundt tempelet var det ei dobbel rekkje med 18 meter høge søyler. Gull og edelsteinar fekk byggverket til å stråle. 

I 356 f. Kr., same natt som Alexander den store vart født, sette Herostratos eld på tempelet. Dette gjorde han for å bli berømt og få eit udødeleg namn. 

Alexander den store bygde tempelet opp igjen. Han ville og at det nye tempelet skulle bære hans namn, noko folket i Efesos sette seg sterkt imot. 

Det nye tempelet vart fylt med kunstverk, og endå praktfullare enn det gamle. Det vart ståande heilt til østgoterane jevna det med jorda omkring år 200 og frakta bort steinen det var bygd av. 

Zevs-statua i Olympia 
Like ved arenaen for dei olympiske leikar låg det heilagste tempelet i Hellas. Utanfor tempelet stod billedstøtta av Zevs, den største og vakraste statua som nokon gong var skapt. Støtta var hogd ut av Feidias om lag 300 år f. Kr. 

Guden sat på ei veldig trone, som strålte av gull og edelsteinar og var heilt dekka av ibenholt og elfenbein, relieff og malerier. 
Zevs hadde eit praktfullt septer i venstre hand, og på spissen av septeret sat det ei ørn. I høgre hand held han eit bilde av seiersgudinna Nike. Statua var ti meter høg og noko overdimensjonert i forhold til tempelet. 

Olympia vart lagd i ruinar i folkevandringstida. Under utgravingar på slutten av 1800-talet vart hundrevis av statuer gravd fram, men underverket, Zevs-statua fann ein ikkje. 

Mausoleet i Halikarnassos 
Omkring år 300 f. Kr. regjerte fyrsten Mausolos i Karia, ein liten stat i det sørvestlege Lilleasia. Då han døydde, valgte folket hans dronning, Artemisia, til regent. Ho let byggje eit gravmæle over fyrsten, og det skulle bli det mest praktfulle bygg i heile verda. 

Dei største kunstnarane i Hellas og den beste byggmeistaren vart kalla til Halikarnassos, hovudstaden i Karia, og dei tok fatt på bygginga og utsmykkinga. Tre år etter Mausolos døydde også Artemisia, utan å ha sett gravmælet ferdig. Men kunstnarane gjorde arbeidet ferdig. 

Mausoleet sto heilt til ut i det 12. århundre, då det raste saman av eit jordskjelv. Ruinane vart brukt til festningsverk på Rhodos av riddarordenen Johannittane. 

Kolossen på Rhodos 
Ved innseglinga til hamnebyen Rhodos på øya Rhodos i det østlege Middelhav var det reist ei veldig statue av solguden Helios. 
Statua var laga av bronse, og den var over 30 meter høg. Den tok 12 år å lage, og vart sett opp omkring år 300 f. Kr, og sto i 60 år, til den velta under eit jordskjelv. 

Støtta var hul, og det var lagt svære steinar inne i den for at den skulle stå i rett stilling over hamneinnløpet. Antageleg har den tjent som sjømerke. Avstanden mellom beina på kolossen var så stor at skipa ikkje behøvde å stryke segla.

Etter jordskjelvet låg kolossen urørt i 900 år. I år 672 e. Kr. okkuperte arabarane Rhodos, hogde opp solguden og frakta stykkene til Urfa på 900 kamelar. 

Fyrtårnet på Faros 
Ved utløpet av Nilen grunnla Alexander Alexandria, som snart voks og vart ein viktig handelsby. Den gode hamna var delt i to av ein stor demning av kvaderstein. Gjennom demninga var det kanalar med bruer over. Demninga bandt den vesla øya Faros til byen. 

På Faros vart det frå omkring 280 f. Kr. bygd eit stort fyrtårn i skinnande kvitt marmor. Fyrtårnet var på åtte etasjar, dei fire nederste var firkanta, dei neste tre åttekanta og den øverste rund. Det vart sagt at det tilsaman var 160-170 meter høgt, men antageleg var det knapt 100 meter - nokon meinar berre 56 meter. På toppen av tårnet brant det bål heile døgnet. Det lyste opp i Middelhavets nattemørke. 

Eit jordskjelv gjorde det av med fyrtårnet i 1303. Etter det har ein ingen spor etter tårnet. 

Cheopspyramiden i Egypt 
Ved Gizeh, 14 km frå Kairo, ligg den einaste av dei sju underverk som enno eksisterer : den største pyramiden i Egypt, bygd av kong Cheops omkring 2700 år f. Kr. 

Ved grunnflata, som no ligg 9 meter under ørkensanden, er sidene i pyramiden 230 meter, og høgda var vel 146 meter. Den er bygd som ei trapp med 210 trinn av 2 300 000 tilhogde kalksteinsblokker. Dei 9 øverste trinna er borte. 

Etter Heodotos skal kong Cheops ha hatt 100 000 mann i arbeid i 20 år for å få bygd pyramiden, og det tok 10 år berre å byggje vegen frå elva opp til byggverket. 

Denne pyramiden vart bygd som ei trapp med mange trinn. Etter at grunnen var lagt, brukte dei maskiner med armar av korte tømmerstokkar til å lyfte dei tunge steinane frå jorda til den første rada av trappetrinn. Der vart steinane lagd på ei ny maskin og løfta vidare opp til neste trinn. Etterpå vart trappetrinna fylt med stein, slik at pyramiden fekk glatte sider. Antageleg vart dei glatte sidene øydelagt av eit jordskjelv i år 908. 
....................................................................................... 
Litt. : J. Broch : Oldtidens syv underverker (1924) 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal