Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Byggverk
 

   

 
Triumfbuen
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 05.07.2006

Triumfbuen er eit monument på Place Charles de Gaulle i Paris, ved enden av Champs-Élysées. 

Bygningen vart påbegynt i 1806 under Napoleon som eit monument for å feire keiseren sjølv og den franske armeen, men vart ikkje gjort ferdig før under Louis-Philippe i 1836. Innvendig har buen inngravert namna på franske generalar og slagstader. Bygningen er 50 meter høg og 45 meter brei. 

Bygningen utvendig er dominert av dekoren av relieffet La Marseillaise av François Rude. Under Triumfbuen vart den ukjente soldat frå den første verdskrig gravlagt, og det brenn ein evig flamme over grava. 

Frå plassen strålar mange av Paris sine mest berømte avenyar og bulevarder stjerneforma ut i alle retningar; Champs Elysées (i retning Concordeplassen), Avenue de la grande rmée, Avenue de Wagram, Avenue Kléber o.a. 

Den årlege militærparaden på 14. juli startar ved Triumfbuen og går ned Champs-Élysées. 

Triumfbuen. Foto: Wikipedia. 
Kjelder: 
Familiboka (1952) 
wikipedia.org

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal