Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Dyreriket
 

     

   
Kva ende av egget kjem først ?
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 31.10.2003

Heilt sidan Aristoteles si tid har folk diskutert kva ende av egget som kjem først: Den spisse eller den butte. Kor langt er vitenskapen kommen med å oppklare dette ? 

Ein reknar med at egget peikar med den spisse enden mot utgangen i hønas underliv heilt til eit par timar før egget vert lagt. Like før egglegginga roterar egget slik at det vert liggande med den butte enden først, men ingen veit kvifor. 

Når egget løsnar frå eggstokken, vert det fanga opp av trakta på eggleiaren der egget vert befrukta. I løpet av transporten vert plomma hylla inn i eggekvite som består av fire lag. Den inneheld først og fremst salt, albumin og andre proteinstoff. Plomma roterar medan den vert transportert gjennom eggleiaren. Det er forklaringa på at ein finn ein snodd eggekvitestreng på kvar side av plomma. 

Like før egget skal ned i livmora, vert det omhylla av ei tynn hinne - skalhinna. I løpet av dei 18-20 timane som egget oppheld seg i hønas livmor, vert det pakka inn i sjølve skalet. Det består for det aller meste av kalk (94% kalsiumkarbonat) og er gjennomhola av porer. 

På veg frå livmora og ut skjer så rotasjonen. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal