Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Dyreriket
 

    

   
Farvel til dei store kvalane ?
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 05.10.2003

Det er i dag berre små restar att av dei veldige kvalflokkane som eingong boltra seg i havet. Nordkaperen, ein av dei som det har vore jakta mest på, er i dag svært sjeldan og totalfreda. 

Blar ein 1000 år attende i historia finn ein små grupper av usedvanleg dristige menn som drog ut frå den franske og spanske kysten ved Biscayabukta for å drive jakt på dei mektigaste skapningane menneska nokonsinne har utfordra. 

Menneska hadde kjennskap til dei varmblodige havdyra sin eksistens. Av og til vart dei merkverdige skapningane, som pusta med lunger og inneheld svære mengder kjøtt og spekk skylt i land på strendene. 

Den kvalarten det dreia seg om, var den sokalla nordkaperen ( Eubalaena glacialis), ein bardekval i familien rettkvaler. Dei hardføre, baskiske sjøfolka forfølgde nordkaperane, lærde seg å drepe og partere dei og la grunnlaget for ei verksemd som skulle komme til å skape historie. Så lenge eventyret varte, vart det skapt enorme formuar - og drept millionar av dei store kvalane. 

Nordkaperen har ei lengde på mellom 14-18 meter, og hovudet utgjer ca 1/4 av kroppslengda. Den har svart kroppsfarge, med enkelte kvite flekkar på buksida. Held for det meste til i det nordlege Atlanterhav, der den kan samlast i flokkar på ca. 100 dyr. Tidligare var Nordkaperen vanlig langs norskekysten, men er no svært sjeldan og totalfreda. Namnet er av nederlandsk noordkaper, etter Nordkapp, der den først vart fanga. 

I dag er vi vitne til siste akt i kvalfangstens veldige drama. Dei store kvalflokkane som eingong var i verdshava er ein saga blott. 

Kvalane er nokre eineståande skapningar. Dersom dei vert utrydda, vil det ikkje berre bety eit uoppretteleg tap for vår sivilisasjon, men kanskje også eit forvarsel om vår eigen undergang. Ein vesentleg del av oksygenet i atmosfæren vert produsert i det kompliserte økosystemet som verdshava sine planktonorganismer dannar, og ein uvurderleg faktor i reguleringa av dette systemet var dei hundretusener av bardekvalar som tidlegare farta omkring i alle hav. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal