Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Dyreriket
 

    

   
Verdas raskaste pattedyr
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 19.10.2003

Geparden er den mest spesialiserte av våre nolevande kattedyr. Den er så rask og elegant at det er rart at ikkje bilfabrikantane har brukt namnet for å marknadsføre nye sportsbilar. 

Geparden kan utan problem overskride fartsgrensa på motorvegane når den jaktar på byttet sitt over savannane. Akselerasjonen er overlegen både i dyre- og bilverda, når ein ikkje reknar med dei aller raskaste racerbilane. 
På mindre enn 2 sekund kjem geparden opp i ein fart på 65 km/t, og den kan hoppe over åtte meter i eit sprang. Toppfarten ligg på om lag 110 km/t. For å greie desse kolossale energiutladningane er geparden utstyrt med eit kraftig hjarte, ei stor lever, slanke knoklar og ein muskuløs hale som fungerar som stabilisator. 

Geparden må ha friskt kjøtt til kvart måltid. Den jaktar åleine på opne savanner der den spring langt etter byttet. I dagslys kan den f.eks. snike seg inn på ei thomson-gaselle og starte ei heseblesande jakt over 300-400 meter. Gasellen sin toppfart er 95 km/t. Denne slitsomme jakta tappar geparden for alle krefter, og den må ofte kvile ein halv time før den orkar å ete byttet. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal