Iberiaskogsnigel
Forfatter: Nynorsk Wikipedia
Publiseringsdato: 15.07.2006
Iberiaskogsnigel (Arion lusitanicus), også kjend
som brunsnigel eller mordarsnigel, er ein brunfarga landsnigel som nyleg
er komen til Noreg. Opphavleg kjem sniglane frå den iberiske halvøya
og Sør-Frankrike.
Gjennom import av jord og plantedelar har dei spreidd
seg til Nord-Europa, mellom anna til Noreg, der dei blei påvist første
gong i 1988.
Iberiaskogsnigel. Foto: Kjetil Lenes. Nynorsk Wikipedia.
Snigleinvasjon
Den første staden sniglen haldt til var på
Stord, men han spreidde seg snøgt og finst no langs heile norskekysten
nord til
Trondheimsfjorden.
Det nordeuropeiske klimaet har passa han betre enn det
søreuropeiske, og den nye sniglearten er årsak til at bestanden
av vanlege skogsniglar går tilbake. Det er likevel mogleg for iberiaskogsniglen
å kryssa seg med vanleg skogsnigel.
Utsjånad og levevis
Sniglen er raudbrun av farge med mørkare hovud
og tentaklar. Yngre sniglar har lengdeband på sidene av kroppen og
kappen.
Vaksne sniglar blir som regel sju til femten cm lange.
Dei et levande planter og hageavfall, og er rekna som eit problem i hagar,
åkrar og gartneri. Han kan òg eta andre døde sniglar,
og blir difor òg kalla kannibal- eller mordarsnigel.
Livssyklusen går over eitt år der vaksne individ
legg opptil 400 egg om sommaren og hausten, før den døyr
om vinteren. Egga klekker etter eit par veker og larvane overvintrer i
jordholer og komposthaugar. Føda til iberiaskogsnigelen består
av levande planter, hageavfall og døde artsfrendar.
Nedkjemping av Iberiaskogsnigelen
Iberiaskogsnigelen vert av menneska sett på som
eit skadedyr, og han blir prøvd nedkjempa med mange metodar. Salt
vert ofte nytta for å ta «kverken» både på
iberiaskogsnigelen og andre sniglar, ettersom saltet tørkar ut snigelen
på stutt tid.
Problemet mange møter med denne metoden, er at
dei døde sniglane særs ofte trekk til seg nye hordar med kannibalistiske
iberiasniglar.
Eit anna botemiddel er å helle øl i ein isboks
som ein så set i hagen, eller ved vegkanten der ein har observert
snigelen. Øldunsten vil tiltrekkja seg sniglane som så druknar
nede i isboksen.
Ein siste utveg er å bruka gift i kampen mot sniglane.
Informasjonen er henta frå Nynorsk Wikipedia |