Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Dyreriket
 

    

    
Frå ku til konsum
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 25.11.2003

Eldre folk huskar mjølkespanna som blei køyrt med hest og kjerre til det vesle meieriet i bygda. Der vart mjølka ståande til avkjøling til spanna vart sent vidare med rutebåten. 

Yngre folk har sett lastebilen som henta mjølkespanna og frakta dei til store sentrale meieri. I dag er tankbilen, som pumpar mjølka i eit lukka system frå kjøletanken i fjøset over i bilen si tank, eit vanleg syn. 

På meieriet må konsummjølka gjennomgå fire viktige prosessar før du som forbrukar finn den i butikken; reinsing, standardisering, homogenisering og pasteurisering. 

Ved reinsing vert eventuell mekanisk forureining fjerna i ei sentrifuge. Innhald av fett kan variere, men kan standardiserast ved tilsetning av skumma mjølk. Homogenisering går ut på at små fettkuler i mjølka blir delte opp. Dette kan skje ved at mjølka blir pressa gjennom eit fint munnstykke under stort trykk. Finfordelinga hindrar at fløyten flyt opp, og gir mjølka ein fyldigare smak. 
Ved pasteurisering blir mjølka oppvarma til ca. 72 grader i 15 sekund. Det fjernar bakteriar og gjer mjølka meir haldbar. Til slutt blir den tappa på kartongar og frakta ut i butikkane. 

Av mjølk kan ein lage mange produkt. Før skjedde det på sætra etter metodar som menneska hadde funne fram til gjennom urgammal erfaring. I meieria skjer det i mange tilfeller etter dei same prinsippa som før, men med nøyaktige, vitskaplege kunnskaper om alle prosessar. 

H-mjølk er mjølk som det ikkje er fjerna nokon næringsstoff frå. Fettet blir med ein spesiell metode så finfordelt at det ikkje kan flyte opp. Blir fettet derimot utskilt, får vi fløyte og skumma mjølk. Skil ein så fettet frå fløyten, får ein smør. Det som blir att, kallast kjernemjølk eller saup. 

Kulturmjølk er surna heil- eller skumma mjølk. Kefir blir laga av H-mjølk ved hjelp av gjærsopp og mjølkesyrebakteriar frå Kaukasus, og yoghurt av bakteriar frå Bulgaria. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal