Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Dyreriket
 

    

 
Kvifor småfuglane krasjar
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 12.10.2003

Som bilist har du sikkert opplevd å køyre på fuglar som plutseleg lettar frå vegkanten for å krysse vegen rett framfor bilen. Kvifor gjer fuglar ei slik halsbrekkande ferd. 
 

Dei fleste mindre fuglar, har auge på kvar side av hovudet. Dei har vidvinkel-syn, slik at dei kan fange lys- og synsintrykk frå ein stor vinkel. Derfor kan fuglane frå augnekroken sjå skarpt og klårt framover i flygeretning. 

Plasseringa av augene på sidan av hovudet betyr at fuglane er i stand til å halde auga med fiendar i nesten alle retningar samtidig. Det er derfor lite sannsynleg at dei vert overraska bakfrå. 

Til gjengjeld er småfuglane sitt djupnesyn svært dårleg. Vi menneske oppfattar gjenstandar nærmare enn 50 meter tredimensjonalt ved hjelp av vårt stereosyn. Fuglane sitt fellessyn derimot, er berre eit par grader. Derfor vil dei ofte berre sjå ein bil komme mot seg med det eine auga, og dermed ikkje være istand til å bedømme avstanden korrekt. Ein bil i stor fart kan lure fuglane slik at dei feilvurderer si reaksjonstid. Trass sin lynraske reaksjonsevne risikerer dei derfor å bli påkøyrt. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal