Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Dyreriket
 

   

    
"Reklamekyr" - ny vekstnæring !
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 27.12.2003

Kua, som i uminnelege tider har vore eit vanleg syn på båsen, går ei usikker framtid i møte. Når fleire og fleire gardsbruk blir nedlagt, kan løysinga bli å satse alt på "reklamekua". 

Klar for nye oppdrag 
Kua har tent folk på Vestlandet trufast i uminnelege tider. Eit sorglaust liv som mjølkeprodusent på kvar ein bås er no i ferd med å gå over i historia. Dette skjer utan at nokon har tiltenkt kua eit nytt meiningsfullt liv med nye oppgåver tilpassa vårt moderne samfunn. Skal kua framleis ha ein viktig funksjon på Vestlandet, må det snarast setjast i verk tiltak. 

Turistattraksjon og guide 
Bileta syner nokre idear som kan være aktuelle innan "reklamebransjen". Som reklamemodell kan kua profilere alt mellom himmel og jord - som klede, sminke, juggel, leppestift og tannregulering - eller frukt og grønt på Torget i Bergen. Kua kan også rettleie deg i kjøp av dei beste mjølkeprodukta som no kjem fra andre kantar av landet. 

Reddar turistnæringa 
Når turistane sviktar, kan kua være den som reddar stumpane både som attraksjon, modell og guide. Kua, som reklame, kan vidareutviklast slik at ein kan marknadsføre alle produkt og attraksjonar heile Vestlandet har å by på for turistar. Og alt dette - sjølvsagt med "Dagros" i levande live. Det kan være starten på ei strålande karriere som "reklameku" som kan tene både bymann og stril. 

Ein stor ressurs 
Ein kan starte i det små, men med 10-15 kyr på båsen skulle ein være godt rusta til å ta på seg dei fleste reklameoppdrag . Har ein i tillegg ein hest, 50 sauer, nokre høns og ein gris - ja, då skulle økonomien i det heile være sikra, og ideen er dessutan heilt gratis. 

Vi får ikkje tru det er slik samfunnet har tenkt seg at kua skal overleve på Vestlandet i framtida, 
men kven veit ? 
Dagros kan, i verste fall, bli ein flott reklamemodell som kan gje mange nye arbeidsplassar i distriktet. 

Villkyrsenter 
Ein annan tanke kan være å leggje tilrette for eit villkyrsenter. Der kan alle kyrene som blir overtallige i mjølkeproduksjonen leve som sine forfedre gjorde i gamle dagar. 

Dei treng ikkje ha andre oppgåver enn å få i seg mat, og komme når budeiene, ei anna vekstnæring, lokkar dei heim for mjølking. 

"Reklamekua" kan profilere senteret som det einaste i sitt slag i heile Europa, og på den måten skaffe millionar i kassen så lenge eventyret varer. 

På senteret kan ein produsere ost og smør for sal til turistane som truleg ikkje vil strøyme til i hopetal, - men kva gjer vel det ! 

Samfunnet får brukt nokre titalls millionar på eit nytt "godt" prosjekt - og "Dagros" overlever nokre år til. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal