Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Ekspedisjonar
 

   

    
Ein pioner i norsk luftfart
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 27.07.2005

Bernt Balchen (1899-1973 var mekanikar og vernepliktig flygar i marinen 1919-25. I 1926 var han med Roald Amundsen til Svalbard for å assistere ved flyging over polen med luftskipet "Norge". 

Då Richard E. Byrd fekk problem med skiunderstellet på flyet, stilte Roald Amundsen Balchen til rådvelde - noko som gjorde Byrd si polflyging muleg. Balchen vart seinare med Byrd til Amerika og var i fleire år flygar, prøveflygar og teknisk konsulent ved fleire fabrikkar. 

Han flaug i 1927 saman med Byrd over Atlanterhavet og deltok som førsteflygar i Byrd sin sydpolekspedisjon 1928-30. 
I 1933-34 deltok han i Ellsworths transarktisk ekspedisjon. 

Frå 1935 var han inspektør i Det norske luftfartsselskap. Han var på reise i U.S.A. då Noreg vart okkupert 1940. 

I åra 1940-41 var han flygar i det britiske flyvåpen sitt Ferry Command. 

I 1941 gjekk han over til den amerikanske hær sitt flyvåpen, vart oberst i 1942, og gjorde teneste på Grønland og i Nord-Europa fram til 1945. Han organiserte "Slepp-operasjonar" til heimestyrkane og deltok i gjenerobringa av Finnmark. 
Organiserte oppbygging av U.S.A. sine luftbaser på Grønland. 

Frå 1946-48 var han direktør i Det norske luftfartsselskap - for så å bli henta attende til det amerikanske flyvåpen for å leie arktisk forskningsarbeid. 

Bernt Balchen var i sin yrkesaktive karriere knytta til fleire flyselskap i Noreg og U.S.A., og har hatt stor betydning både for den sivile og militære luftfart. 

Bernt Balchen døydde 18.oktober 1973 og er gravlagt på Arlington æreskirkegård i Washington DC. 

23. oktober 1999, på hundreårsdagen for Balchens fødsel, avduka kong Harald V ei statue til minne om Bernt Balchen i Østerhavna i Kristiansand. 

Les meir om Bernt Balchen på wikipedia.org

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal