Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Fjordabåtar
 

   

     
30 år med ekspressbåt
Forfatter: FSF
Publiseringsdato: 18.12.2002

I mai i år fekk Fylkesbaatane ein ny stor ekspressbåt som tilvekst til flåten sin. Dette var ein milepel for Fylkesbaatane og selskapet sine passasjerar. Nybygget er nemleg første fartøyet i selskapet sin tredje generasjon av ekspressbåtar. 


M/S «Fjordtroll» (bygd 1972) frå den første generasjonen båtar. (Foto: Harry Runderheim) 

Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane er på mange måtar eit pionerselskap når det gjeld passasjerfart med ekspressbåtar i Noreg. 
I åra 1971/72 starta selskapet sine første ekspressbåtruter mellom Sogn og Fjordane og Bergen med fire nybygde båtar. Mellom desse var dei to katamaranane «Fjordglytt» og «Fjordtroll». Førstnemnde var den første passasjerførande toskrogsbåten i verda, og desse båtane innleidde ei ny tid i passasjertrafikken til sjøs både i Noreg og internasjonalt. 
I åra frå 1987 til 1993 fekk Fylkesbaatane fire nye og større ekspressbåtar av ein ny generasjon. 

Flaggskipet mellom desse var «Kommandøren», som då den kom i 1990 var første fartøy i ein ny katamaranserie frå Kværner Fjellstrand med heilt ny design. Dei tre andre av dagens ekspressbåtgenerasjon er «Solundir», «Fjordprins» og «Sognekongen», som alle er noko mindre enn «Kommandøren». 


M/S «Fjordtroll» er første fartøy i tredje generasjonen ekspressbåtar. (Foto: Trond Owesen) 

Ny «Fjordtroll» 
Den nye båten som er starten på ein tredje generasjon ekspressbåtar, har namnet «Fjordtroll» og vart døypt i Sogndal 24. mai, og gjekk deretter inn i Fylkesbaatane sine ekspressbåtruter. Den er bygd hos Lindstøl Skip i Risør og er 32 meter lang. 

Båten kan ta 174 passasjerar i ein stor salong. Salongen har eit eige leikerom for barn og eit avskilt møterom for mindre grupper. 

Akter i salongen er det kiosk der passasjerane kan kjøpe kalde og varme rettar, forfriskningar m.m. 

Elles er salongen utstyrt med stolar som kan regulerast og med tilkopling for radio, musikk, informasjon og lyd frå videofilmar som blir viste om bord. Over salongen har båten eit eige røykerom. 


M/S «Fjordprins» (bygd 1987) frå den andre generasjonen båtar. (Foto: Rolf M. Sørensen) 

Selskapet har i dag fire ruter mellom Bergen og Sogn og Fjordane fylke. 

To ruter går nordover langs kysten frå Bergen til Selje i Nordfjord med stopp mellom anna i Florø og Måløy. 

Den eine av desse to rutene har avgang frå Bergen om morgonen og returnerer til Bergen om kvelden, og den andre går omvendt med avgang frå Selje om morgonen og retur dit om kvelden. 

Mellom Bergen og Sogndal har Fylkesbaatane ei heilårs ekspressbåtrute med avgang frå Sogndal om morgonen og retur frå Bergen om ettermiddagen. Mellom Bergen og Flåm har selskapet ei sommarrute med avgang frå Bergen om morgonen og retur dit om kvelden. Denne ruta har mykje dagsturtrafikk av turistar som vil oppleve Flåmsbana og Sognefjorden. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal