Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Fjordabåtar
 

    

    
M/S "HOSANGER I"
Forfatter: Leidulv Hundvin
Publiseringsdato: 08.08.2004

På Byfjorden og ved Tyskebryggen var det i 1939 komen ein ny båt med ein uvanleg utsjånad. Båten hadde motormaskin, og han var den fyrste fjordabåten inne på Vågen som hadde nemninga "sjøbuss". 

Sumaren 1939 var den siste fredsumaren før krigsutbrotet ute i Europa den 1. september same året. Vi minnest solfylte dagar og logne og vakre augustkveldar, men ei uroleg tid under yta. 

Dei som var eldre reddast ein storkrig, og dei hugsa verdskrigen frå 1914-18, som landet vårt hadde greidd å halda seg unna. Trass det hadde vi mist mange sjøfolk, men dei reddast for at kom det no ein ny storkrig ville det verta endå vanskelegare å stå utanfor og halda seg nøytral. Likevel gjekk livet sin gang, trass trugsmåla og dei skrikande talane til Adolf Hitler. 


M/S "Hosanger I" på tur ut Vågen sumaren 1939. Frå fyrst av var båten grå på farge, men vart måla svart under krigen. Overbygget var kvitt heile tida. I framgrunnen ser vi flagget og litt av akterdekket på Bergenske sin båt "Lynx, til høgre "Ternen", den kvite båten i bakgrunnen er "Vøringen", den aller bakerste er "Vatlestraumen" og ved Festningskaien ligg "Stavanger I". 
Eigar av bilete i 1989: Jo Gjerstad. 

På Byfjorden og ved Tyskebryggen var det komen ein ny båt med ein uvanleg utsjånad. Båten var heilt ulik dei vanlege fjordabåtane. Båten hadde motormaskin, og han var den fyrste fjordabåten inne på Vågen som hadde nemninga "sjøbuss". 

Men det merkelegaste ved han var framdekket og baugpartiet. Det halla framover, og gav han ein underleg utsjånad. Det såg ut som om han var broten ned framme, og mange stussa over denne skapnaden som skulle traffikera Sør- og Osterfjorden. 

Men så snart dei kom om bord fekk dei ei onnor meining. Båten var nemleg passasjervenleg, og gjorde god fart. Di nest kunne han óg ta både last og krøter, så nokon rein fjordbuss eller passasjerbåt var han ikkje. 

Fem lange krigsår måtte til før den fyrste reine passasjerbåten vart sett i rute, og det var det ein mann som heitte Kühle og budde i Alverstraumen som stod føre. 

Den nye båten med den merkelege utsjånad var bygd for Indre Nordhordland Dampbåtlag ved Glommen Mek. Verksted i Fredrikstad, og ved dåpen fekk han namnet "Hosanger I". Båten kom i slutten av juni månad, slik at han kunne setjast inn i sumartrafikken. Prisen var óg bra. Han kosta kr. 243.000, og det var uhorveleg mykje pengar den gongen. 

Men det tenkte ikkje dei reisande på. Dei gledde seg over dei vakre salongane med god utsikt, og over farten han gjorde. Dei reisande kunne vera landliggjarar som leigde seg ei stove eller ein lem i sumarvekene, det kunne vera turistar som skulle til Romarheim eller Mo for å gå i Stølsheimen, eller til Eksingedalen og andre stader der dei kunne njota sumaren. 


"Hosanger I" skapte mykje diskusjon då den kom inn på Vågen i juni 1939. 

Det var óg faste vekependlarar (sjølv om det ordet enno var ukjent) som arbeidde i byen og reiste heim kvar laurdag, og attende om sundagskveldane. Liv og ståk var det då båtane gjekk ut Vågen mellom kl. 14.00 og 14.30, og mykje kapping og blåsvart kolrøyk fylgde dei på ferda. 

Og ute i Europa var det fred, sjølv om han hang i ein tunn tråd. Freden varde sumaren til ende. Då var det slutt. Men for "Hosanger I" vart det ei røyning ingen hadde tenkt då båten vart tinga for bygging året i førevegen. 

For no vart både "Oster" og "Haus" rekvirerte av den norske marinen til nøytralitetsvakt, så "Hosanger I" saman med "Johan Jebsen" og "Hamre" måtte greida dei ruter og den last som fem båtar skulle ha greidd. 

Men botnen var ikkje nådd med det. For då det leid ut i krigsåra fekk ikkje selskapet meir olje, så "Hosanger I" måtte ankrast opp i ei logn vik i Osterfjorden og to båtar vart åleine att om slitet. 

"Hosanger I" si tenestetid i selskapet rakk fram til 1973, året før Indre Nordhordland gjekk saman med Bergen Nordhordland Trafikklag. Då var tida hans ute, og båten vart seld til Scandia Bibel og Misjons Center, Brummundal, for å hysa uteliggjarar og andre som hadde kome skeivt ut i livet og leid vondt. 

Båten fekk namnet "Misjonsskipet Fred", vart måla kvit, og skulle no gjera ei misjonsgjering for dei svake i samfunnet - trudde dei. Men då kjende dei ikkje lovar og reglar. Og regelverket kan ikkje brytast. Båten hadde ikkje gode nok sanitære tilhøve! 
Ikkje var det dusj eller bad, og toalettilhøva var heller ikkje etter oppskrifta. Så misjonstenesta vart aldri gjort. Det vert berre med tanken, og eit endelaust slit mot eit hardrodd byråkrati. 

Difor vart det stolte fredskipet seld i 1976 til Brødrene Sørensen, Stathelle,og kondemnert og sletta av skipsregisteret i 1980, 41 år etter at den særeigne sjøbussen kom i drift. 

Uteliggjarane måtte nøya seg med dei same tilhøva dei hadde hatt, og byråkratane kunne med tryggleik gå heim til ein god middag og ei varm seng i full vissa om at desse ikkje leid vondt på grunn av vantande sanitære tilhøve på "Misjonsskipet Fred!, tidlegare "Hosanger I". 

"Hosanger I" var på 229 brt., og målte 128.4 / 21.9 ft. 
Opprinneleg hadde den ein motor på 500 HK, som ga den ein fart på 12 knop. 
Ved ei mindre ombygging i 1956 fekk båten ny motor på 560 HK, men eksteriørmessig blei den ikkje forandra. 

----------------------------------------------------------- 
Artikkelen er henta frå BNR-NYTT nr. 3 1989 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal