Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Fjordar
 

 

  
Fjorden - ein turistmagnet
Tekst og foto: Scandion
Parti frå Sognefjorden.

Fjordane på Vestlandet høyrer til Noregs største turistattraksjonar. Kvar sommar kjem cruiseskip med forventningsfulle turistar på besøk for å få med seg ei storslått naturoppleving. 

Fjordane er forholdsvis smale, men ofte svært djupe. Eit typisk eksempel er Sognefjorden, Noregs lengste - ca. 204 km frå Ytre Solund inn til Skjolden i Lustrafjorden. 
 
Jevnt over er Sognefjorden 4 km brei. Langs fjorden reiser fjellveggen seg bratt opp til 1000 meter, og fjorden er 1308 meter på det djupaste (utanfor Vadheimsfjorden). Den største djupna i Nordsjøen er ikkje meir enn 700 meter. 

Fjordane er forholdsvis grunne ved munninga, der dei danner ein terskel. Djupneforholda er typisk for den breerosjon som skapte fjordane i istida. 

Terskelen på Sognefjorden ligg på 158 meter djupne. Denne terskelen hindrar at dei kalde botnstraumane kjem inn frå havet, noko som gjer at fjordklimaet vert mildare. 

Det er inne i dei store fjordane på Vestlandet at ein med hell kan dyrke dei mest varmekjære plantane. 

Den ytterste delen av fjorden er Sognesjøen. Her har fjorden få forgreiningar. Lenger inne ligg Fjærlandsfjorden, Sogndalsfjorden, Aurlandsfjorden / Nærøyfjorden, Lustrafjorden, Årdalsfjorden og Lærdalsfjorden. 

Å oppleve fjorden frå toppen av eit fjell er storslått. Står du f.eks. på fjellplatået over Ortnevik i Høyanger kommune, kan du sjå ein stor del av Sognefjorden liggje som eit kart nedanfor - sjå armar av fjorden skjære seg inn - og sjå innover platået på andre sida av fjorden. 

Dette er utsyn ein berre får sjå om ein er villig til å bruke beina på møysommeleg fjellvandring. Men har ein først gjeve seg i kast med strabasane, vil utbyttet gjerne overstige forventningane. 
 

Det er ikkje mange land som har fjordar. Vi finn dei i det nordlege Atlanterhav, på Noregs vestkyst, Svalbard, Island og Grønland, enkelte stader i Irland og Skottland, på øst- og vestkysten av Nordamerika, og den sydlegaste delen av New Zealand. 

Verdas lengste fjord er Nordvestfjorden på Øst-Grønland, 313 km. 

Noregs lengste fjordar: 
Sognefjorden (Solund - Skjolden) 204 km. 
Hardangerfjorden (Bømlo - Odda) 179 km. 
Trondheimsfjorden (Agdenes - Steinkjer) 126 km. 
Porsangen (Sværholtklubben - Brennelv) 123 km. 
Nordfjord (Husevågøy - Loen) 106 km. 
Oslofjorden (Færder - Oslo) 100 km. 
Boknfjorden (kvitsøy - Hylen) 96 km. 

Ofte kallar ein vikar, havbukter o.l. for fjordar f.eks. Varangerfjord i Nord-Noreg, Limfjorden i Danmark. Men ekte fjordar er dei ikkje. 
 

Ordet fjord er av norrønt opphav, og er eit av dei få norske orda som er blitt internasjonale. 
Fjord kjem av indoeuropeisk "sette over på den andre sida", og har dermed samband med ord som ferje, fare, engelsk "fort" og tysk "Furt". 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no