Todekkaren mista pusten
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 16.10.2003
I
flyhistoria sin barndom hadde ein ikkje kjennskap til alle dei earodynamiske
lovene. Flya vart laga for hand frå innerst til ytterst, og kunne
ha dei mest fantastiske former.
Før første verdskrig vart trefly med to
vengeplan og lerretstrekk standardtypen, men deretter vart det stål-
og aluminiumsfly med eit vengeplan som dominerte luftrommet. Grunnen var
spesielt at dobbeltdekkaren ikkje kunne konkurrere på farten. På
grunn av den store luftmotstanden som vart skapt ved at to luftstraumar
møttest mellom vengene, kom dei raskaste dobbeltdekkarane berre
opp i 250 km/t.
Dobbeltdekkaren hadde likevel ein fordel: Den var langt
betre til å utføre akrobatikk med, og kunne i dei fleste tilfella
manøvrere raskare og smidigare enn ein enkeltdekkar, sidan den må
ha lengre venger for å oppnå like stor bæreflate.
Krigane fekk fart på utviklinga
Ingenting har betydd så mykje for flyutviklinga
som dei to verdskrigane. Etter første verdskrig sto nesten 70 000
fly på flyplassar i Europa, og det vart utdanna tusenvis av dyktige
flygarar.
Under den andre verdskrig vart flytypane utvikla og forbedra
heile tida. Begge partar gjorde sitt ytterste for å få overtaket
i lufta under dei harde kampane. Sjølv om skroget på den britiske
Mosquito-jagaren var laga av kryssfiner, var den eit av dei mest effektive
krigsflya dei allierte hadde.
40 veteranfly på ein stad
I flymuseet Shuttleworth Collection i England finn vi
det største utvalet av orginale, flygedyktige fly som stammar frå
flyhistoria sin barndom, og fram til og med andre verdskrig. Museet har
meir enn 40 fly, som deltek i store luftoppvisningar og show i sommarhalvåret.
Samlinga vart grunnlagt i 1920-åra av flygaren Richard
Shuttleworth, som sjølv vart skoten ned i kamp under slaget om Storbritannia
i 1940. |