Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Forfattar
 

   

 
Bjørnstjerne Bjørnson
Forfatter: wikipedia
Publiseringsdato: 18.05.2006

Bjørnstjerne Martinus Bjørnson (8. desember 1832 – 26. april 1910) var ein norsk forfattar og samfunnsdebattant. Bjørnson vann Nobelprisen i litteratur for 1903 og er rekna som ein av dei fire store i norsk litteratur. Han skreiv teksten til den norske nasjonalsongen og var grunnleggjaren av Riksmålsforbundet. 


Bjørnstjerne Bjørnson. Foto: wikipedia.org 

Biografi 
Bjørnson vart fødd på garden Bjørgen i bygda Kvikne vest for Tynset. I 1837 vart Bjørnson sin far, som hadde vore pastor i Kvikne, overført til Nesset prestegjeld, i Romsdal. I dette området vaks Bjørnson opp. Etter mellomskule i den næraste byen, Molde, vart han 17 år gamal send til Christiania for å studera på universitetet. Forfattarinstinktet hadde allereie vakna, Bjørnson hadde skrive dikt frå han var 11 år. Han gjekk ut av universitetet i Christiania i 1852, og byrja snart å arbeida som journalist. Han skreiv mest teatermeldingar. 

I 1857 publiserte han Synnøve Solbakken, den fyrste av bonderomanane. I 1858 vart denne etterfulgt av Arne, i 1860 av En glad gut og i 1868 av Fiskerjenten. Desse er dei viktigaste døma på hans bonde-forteljingar, ein del av forfattarskapen som gjorde djupt inntrykk i Noreg og gjorde han vidgjeten i utlandet. 


Foto: Scandion. 

Bjørnson var ein av dei opphavlege medlemene av Nobelkomiteen, og han vart attvald i 1900. I 1903 mottok han Nobel sin litteraturpris. 

Bjørnson hadde bidrege meir enn nokon annan til å vekkja den norske nasjonalkjensla, men i 1903, like før brotet mellom Noreg og Sverige, tala han til sine landsmenn om forsoning og moderasjon. 

I 1905, i det Noreg skulle velja si eiga uavhengige statsform, vart den tidlegare bastante republikanaren overtydd om at monarki var det rette for Noreg. Først og fremst kunne eit monarki gje sterkare band til Storbritannia. I tillegg var det på line med statsforma i Sverige og Danmark. 

Bjørnstjerne Bjørnson døydde den 26. april 1910 i Paris, der han i nokre år hadde vore om vintrane. Han vart gravlagd med stor ære og sorg, etter å ha vorte henta heim til Noreg av eit norsk krigsskip. 

Utgjevingar 
Synnøve Solbakken (1857) 
Mellem Slagene (1857) 
Halte-Hulda (1858) 
Arne (1858) 
Smaastykker (1860) 
Kong Sverre (1861) 
Sigurd Slembe (1862) 
Maria Stuart i Skottland (1864) 
De Nygifte (1865) 
Fiskerjenten (1868) 
Digte og Sange (1870) 
Arnljot Gelline (1870) 
Fortællinger I-II (1872) 
Brude-Slaatten (1872) 
Sigurd Jorsalfar (1872) 
Kong Eystejn (1873) 
En Fallit (1875) 
Redaktøren (1875) 
Magnhild (1877) 
Kongen (1877) 
Kaptejn Mansana (1879) 
Det nye System (1879) 
Leonarda (1879) 
Støv (1882) 
Over Ævne. Første Stykke (1883) 
En Hanske (1883) 
Det flager i Byen og paa Havnen (1884) 
Geografi og Kærlighed (1885) 
Paa Guds Veje (1889) 
Nye Fortællinger (1894) 
Over Ævne. Andre Stykke (1895) 
Lyset (1895) 
Paul Lange og Tora Parsberg (1898) 
To Fortællinger (1901) 
Laboremus (1901) 
På Storhove (1902) 
Daglannet (1904) 
Mary (1906) 
Når den ny vin blomstrer (1909) 

Artikkelen er henta frå Wikipedia.org - det frie oppslagsverket. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal