Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Forfattar
 

  

 
Nikolai Fredrik Severin Grundtvig
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 19.11.2005

Nikolai Fredrik Severin Grundtvig (1783-1872) var dansk prest, folkelærar og diktar som fekk stor innflytelse på kultur- samfunns- og kristenlivet i Norden gjennom heile 1800-talet. 

Grundtvig var ein lærd mann. Han skreiv preiker, historiske verk og omsette gamle sagaer. Mest kjent er han som salmediktar, og har bl.a. skrive "Kirken den er et gammelt hus", "Påskemorgen" og "Deilig er den himmel blå". 

Grundtvig kjempa, som Kielland, mot den ufolkelege latinskulen. Han la grunnen for den danske folkehøgskulen for landsungdomen. Vekk med eksamen, pensum og kjedelege lærebøker, det var det levande ord og det frie personlege samværet mellom lærarar og elevar som har mest å seie, mente han. Morsmål, fedrelandshistorie og kristendom skulle være dei viktigaste faga. 

Slike folkehøgskular vart også grunnlagt i Noreg, og fekk stor innflytelse. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal