Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Historie
 

    

 
Barnetrygd anno 1946
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 30.07.2005

I Noreg var spørsmålet om alminneleg barnetrygd utreda og planlagt sidan 1934. Men det skulle gå 12 år før Stortinget, den 1. oktober 1946, vedtok å innføre barnetrygd. 

Barnetrygd var kjent og gjennomført i fleire land for enkelte grupper av lønnsmottakarar, men særleg i samband med dyrtida under og etter 1. verdskrig. 

Med vedtaket Stortinget gjorde i 1946 fekk ein 180 kroner i årleg barnetrygd for kvart barn under 16 år frå og med det 2. barn, - i visse tilfeller også for det første. 

Trygda vart utbetalt på etterskot 4 gonger i året, og utgiftene vart fordelt med 1/8 på kommunane og 7/8 på statsbudsjettet. 

I 1946 vart barnetrygd utbetalt til ca 420 000 barn.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal