Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Historie
 

    

    
Flagg og faner
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 27.01.2005
 
Frå svært gamal tid har det vore skikk at krigarflokkar samla seg under eit bestemt merke. I kampens hete vart det eit haldepunkt for dei som kjempa på same side. Først var merket av reint praktisk art, som under primitive forhold letta hærleiinga. 

Seinare vart det eit symbol for samhald innan avdelingar, eit minne om stolte sigrar eller bitre nederlag. 

Etter kvart som merkene vart avløyst av faner med inskripsjon om dei viktigaste hendingane avdelingane hadde teke del i, vart slike faner bærarar av ein tradisjon det var viktig å føre vidare til nye generasjonar. Fanene måtte vernast med pietet, og dei vart regimentets eller andre avdelingar sitt viktigaste eige. 


Det norske handelsflagg som vart brukt 1844 - 98, med unionsmerket, populært kalla "sildesalaten", i øverste felt nærmast stanga. 

Dei første faner og flagg 
Hos dei gamle grekarane fekk flåteføraren (admiralen) sitt skip eige flagg som kjenneteikn. Skipet hadde óg ofte eigen farge på seglet. Når seglet vart teke ned under kamp, var flagget oppe, og seinar vart både flagg og vimplar brukt til pynt og til å gi signal med. 

Krigsfaner kjenner vi i Noregs historie alt frå Håkon den Godes tid. Merkesmannen Tord Folesson frå Stiklestad kjenner alle, og den gylne løve på raud botn, som Kongen og Kronprinsen har i sine flagg i dag, har kanskje sin opprinnelse i det skjoldmerke Magnus Berrføtt bar då han fall i Irland 1103. 

Bruk av flagg vart stort sett utvikla til sjøs, av faner til lands. 

Det grodde tidleg opp bestemte reglar for korleis flagget skulle verte salutert (helsa), og meir enn ein gong er kampar eller heile krigar starta fordi ein flåtestyrke ikkje har gjeve ein annan sitt flagg den honnør det vart gjort krav på. 

Det norske riksvåpen har vore ført av all norsk regjeringsmakt utan avbrytelse i meir enn 600 år. Så seint som i 1594 var det admiralskip i den norsk-danske fellesflåte som førte særskilte norske og danske kongeflagg på ein gong. 

Byane kunne ha eigne flagg. Skip som var frå Bergen hadde rødt flagg utan splitt med kvitt kors, i midten ein stor, kvit firkant med ståande løve med sverd i ein grønn krans. 

Norske regiment hadde kvar si fane med bestemte fargar. Frå 1690 vart det forbode for våre handelskip å føre splittflagg. Dette flagget var for krigsskip, defensjonsskip og festningar m.m. 

I 1748 vart handelsflagget sin utsjånad nøyare bestemt, og frå 1757 måtte handelsskip i Middelhavet ha kongens namnesiffer i Danebrogkorset for at vårt flagg ikkje skulle verte forveksla med malteserriddarane sitt flagg. 
---------------------------------- 
Kjelde : Familieboka 1954 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal