Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Historie
 

   

 
Formannskapslova av 1837
Forfattar: Scandion
 10.06.08

Det var eit stort demokratisk framsteg då Stortinget, med formannskapslova, oppretta kommunalt sjølvstyre i 1837. Landet vart då delt inn i det dei kalla kommunar eller formannskapsdistrikt. I første omgang fylgde kommunegrensene dei same grensene som prestegjeldet hadde, slik at kvart prestegjeld vart ein kommune.

Seinare, i 1863, kom det ei lov som endra namnet formannskapsdistrikt til «herad» når det galdt kommunar på landet. «Herad» er det gamle norske ordet for ei bygd eller eit bygdelag. Frå den tid kom også namnet heradsstyre meir og meir i bruk om dei som var valde til å styra i kommunen.

Lova medverka til at ein større del av befolkninga vart skikka til å delta aktivt i det politiske liv. I mange hundre år hadde landet vore styrt av embetsmenn - og kravet om lokalt sjølvstyre kom fyrst og framst frå bøndene. Dei vart meir medvitne om si eiga makt, og ville ha meir å seia når det var avgjerder som galdt deira eiga bygd. Etter valet i 1833 var mest halvparten av stortingsrepresentantane bønder, og med hjelp frå andre liberale stortingsmenn kunne dei no få minka embetsmannsveldet, og ved lov få innført sjølvstyre i bygdene.

Vi fekk 394 kommunar i 1837, og fram til 1930 auka talet jevnt og trutt til 747 kommunar. Etter det har det gått nedover, særleg i samband med den store samanslåingsreformen i 1964/65, slik at vi i dag har 431 kommunar i Noreg.

Formannskapslova oppretta også fylkeskommunen, der ordførarane i kommunane skulle kome saman ein gong i året for å veta budsjett. Men fylkeskommunen spela den gong ein svært liten rolle. Det var først ved fylkeskommunelova av 1961, med verknad frå 1964, at fylkeskommunen som forvaltningsorgan med folkevalt leiing, fylketinga, fekk nokon betydning.

Noreg har 18 fylkeskommunar, men 19 fylker (Oslo er eit reint byfylke). Fylkestinget er den politiske leiinga av fylkeskommunen, og den administrative leiinga har fylkesrådmannen.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal