Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Historie
 

   

 

Mannen bak Marshall - hjelpa
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 08.10.2003

Det er 50 år sidan general Georg C. Marshall vart tildelt Nobels fredspris for sitt hjelpeprogram for å få Europa på fote etter 2. verdskrig. Eit bevis for at det kan banke eit varmt hjarta bak ein streng militær holdning. 

Kort fortalt var Marshall-planen (European Recovery Program) ein plan for økonomisk hjelp til dei krigsherja europeiske landa etter 2. verdskrig. Ein forutsetning for å gi hjelp var at landa kunne vise i praksis at dei ville samarbeide. 

Sovjetunionen protesterte, og meinte det var eit forsøk frå USA på å dominere Europa. På grunn av denne motstanden fekk ikkje Øst-Europa ta del i Marshall-hjelpa. Dei vest-europeiske landa organiserte frå 1948 Organisasjonen for Europeisk Økonomisk Samarbeid (OEEC), som seinare vart OECD. 
 
 

Opp gjennom gradene 
Den militære karriéra til Georg Catlett Marshall (1880-1959) starta den 11. september 1897, då kolhandlar G. C. Marshall senior skreiv eit kort brev til sjefen for krigsskulen i Virginia: -"Eg sender deg min yngste son. Han er energisk, og eg trur han kjem til å klare seg bra". Det gjorde han også. Ved avgangseksamen fire år seinare var han bestemann på kullet. 

I 1902 vart han sendt til Filippinene som fenrik, der han lærde å føre kommando i felten. Eit par år seinare fekk han ordre om å melde seg ved den militære høgskulen i Fort Leavenworth, der han avslutta som bestemann i klassen. 

Etter fire år som kadett og instruktør hadde han opparbeidd seg eit solid ry i hæren. Ein general skreiv i 1916 at kaptein Marshall burde utnevnast til general, og at han gjerne skulle tenestegjere under han. Slike skussmål gjorde at han vart knytta til dei første amerikanske styrker som drog til Frankrike i 1917. 

Taktikkens meister 
I 1927 vart Marshall utnevnt til den krevande stillinga som nestkommanderande ved infanteriskulen i Fort Benning i Georgia, der han vart ansvarleg for opplæringa. Her fekk han frie tøylar til å utfolde og utvikle det talent for planlegging, instruksjon og strategi som skulle få så stor betydning for USA i 2. verdskrig. 

Ein glimrande innsats som sjef for krigsplanlegginga og som neststabssjef i 1938 og 1939 overbeviste president Roosevelt om at nettopp han var den som best kunne møte Aksemakta sin veldige militære utfordring. Som sjef for generalstaben under den 2. verdskrig leia han den enorme oppbygginga av det amerikanske forsvaret. 

Etter 2. verdskrig vart Marshall spesialutsending til Kina 1945 - 46, utenriksministar 1947 - 49 og forsvarsministar 1950 - 51. 

Ved slutten av 2. verdskrig låg Europa i ruiner. Som utenriksministar var Marshall overbevist om at Sovjetunionen berre sat og venta på at heile kontinentet skulle falle som ei moden frukt, og i ein tale ved eksamensfesten på Harvard den 5. juni 1947 la han fram eit forslag om å gi Europa hjelp til sjølvhjelp ved å pumpe inn enorme mengder pengar og amerikansk materiell. Det vart opptakten til den oppsiktsvekkjande og svært vellukka Marshall-planen som med eit slag sikra ein ny og betre framtid for 200 millionar menneske i Europa. Takka være den vart Georg C. Marshall den første militære person som til då hadde blitt tildelt fredsprisen av Det Norske Stortings Nobelkomite. 

Etter at Marshall døydde i 1959 gjekk vener og beundrarar saman om å få gjennomført ein plan som president Truman hadde sett fram i 1953, og som seinare vart støtta av presidentane Eisenhover, Kennedy, Johnson og Nixon, om at det skulle byggast eit privatfinansiert forskningssenter der generalen sine eigne papir, dokument og samtalar skulle bli tilgjengeleg for forskarar. 

I senteret, som vart opna i 1964 i Lexington, Virginia - kan ein studere eit kjempemessig elektronisk kart som viser 2. verdskrig sin historie, eller gå gjennom den spesielle salen som viser korleis Marshall-planen gjenreiste Europa - og gjere seg opp ei meining om Marshall sine dimensjonar som menneske. Når ein forlet bygninga, kan ein på veggen i vestibylen lese denne hyllest frå Winston Churchill : 
-"Under krig var han like klok og forståelsefull i sine råd, som han var besluttsom i handling. I fred var han byggmeistar som planla gjenreisinga av vår øydelagde europeiske økonomi, samtidig som han kjempa utretteleg for å få oppretta eit vestleg forsvarssystem. Han har alltid vore seierrik i kampen mot defaitismen, motløysa og oppgivelse. Seinare generasjonar må aldri få anledning til å gløyme hans innsats og eksempel." 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal