Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Historie
 

    

 
God medisin i årtusener
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 18.02.2005

Alt for 2300 år sidan oppdaga den greske legen Hippokrates den smertestillande effekten ein fekk ved å tygge blad eller bark frå piletreet. Ei oppdaging vi no har svært god nytte av. 

Det Hippokrates ikkje viste, var at det virksomme stoffet var det bitre, sukkerliknande salicinet, som er den naturlege forma for acetylsalisylsyre. 

I det andre hundreåret fann Galen og andre greske helbredarar ut at piletrebarken også var eit godt middel mot betennelse og feber. Men ein må heilt fram til 1820-åra før ein lukkast å trekkje salisylsyre frå plantar - og ein hadde då klart å få fram eit produkt med velkjende febernedsetjande, smertelindrande og infeksjonshemmande eigenskaper. Men syra hadde stygge bivirkningar, for den irriterte slimhinna, halsen og magen. Difor måtte forskarane sjå seg om etter ei erstatning, og det vart tyskaren Felix Hoffmann som fann fram til acetylsalisylsyra. 

Snart vart det sett i gang ein storstilt produksjon av medisinen i pulverform. Den vart lansert verda over, men den vart kostbar å bruke fordi den skulle pakkast på apoteka. Først då ein klarte å produsere acetylsalisylsyre som tablettar i 1915, kom det eigentlege gjennombrotet. 

Sidan den tid har tablettane forandra seg lite. Dei finst faktisk i medisinskapa i same form som for snart 90 år sidan. 

Først i 1971 lukkast det forskarane å finne forklaringa på acetylsalisylsyra sine eigenskapar. Det var engelskmannen John Vane som oppdaga at syra hadde evne til å hemme danning av dei hormonliknande stoffa prostaglandiner, som er kjemiske substansar som er involvert i nær sagt alle biologiske funksjonar i kroppen. 

Forskninga går vidare, og idag har oppdaginga til Hippokrates fått stor betydning i forbindelse med behandling av hjerte- og karsjukdommar. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal