Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Historie
 

    

 
Kampen for stemmerett
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 27.10.2005

1880-åra var ei bevega tid i norsk politikk. På alle områder, i politikk og åndsliv, stod kampen mellom nytt og gammalt. Då venstrepartiet vann sin avgjerande siger i 1883, håpa også kvinnene å få sine krav gjennomført. 

Norsk Kvinnesaksforening vart stifta i 1884, og under leiing av den staselege og myndige Georgine (Gina) Krog førte foreninga gjennom nesten 30 år ein utretteleg kamp for stemmeretten, som var kvinnene si store merkesak over heile verda. 

Georgine Krog (1847 - 1916) var ein av forkjemparane for kvinnesaka i Noreg. Ho var i mange år lærarinne ved ein høgare "pikeskole" i Oslo, og kjempa heile livet sitt for at kvinnene skulle få større rett og fridom. I 1904 stifta ho Norske Kvinners Nasjonalråd, og var formann i mange år. Då ho døydde, vart ho gravlagt på Statens bekostning. 

I 1901 fekk norske kvinner stemmerett ved kommuneval, nokre år etter fekk dei velstilte kvinnene stemmerett ved stortingsval, og i 1913 fekk dei stemme alle saman. Noreg var den einaste stat i verda der kvinnene hadde fått politisk likestilling før verdskrigen i 1914. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal