Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Historie
 

    

 
Huskar du festtelegramma ?
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 15.08.2006

Festtelegramma var eit flott og vanleg innslag ved store anledningar før i tida. Kanskje var du konfirmant i 1950-åra då desse telegramma var svært populære ? Det var ei høgtidsstund når dei vart lese opp under feiringa. 

Det var ikkje uvanlig å få mellom 50 og 100 telegram til konfirmasjonen den gongen, og det var ei høgtidsstund når dei vart lese opp under feiringa. 

Festtelegramma var i bruk i 50 år, frå 1930 til 1980. Mange har sendt eller motteke slike telegram som du kan sjå bilder av her - med flotte motiv teikna av kjende kunstnarar. 

I 1929 vart spørsmålet tatt opp med Televerket om ein del av inntekta frå festblanketten LX skulle gå til tuberkulosekampen. 

Resultatet vart at Den Norske Nationalforening mot Tuberkulosen og Norske Kvinners Sanitetsforening arrangerte i april 1929 ein konkurranse om kunstnerisk utførte forslag til festtelegramblankettar. 

Blankettane - som var "bestemt for telegrafiske lykkønskingar i almindelighet eller for spesiell anledning, for eksempel for dåp, konfirmasjon, brylluper, jubileer, eller andre høitidelige anledninger" - skulle ha same format som dei offisielle festtelegram-blankettane vi alt hadde. 

Populære telegramm 
I kunstnarkonkurransen fekk Yngve Andersons "Gratulerer" førsteplass - Dagfin Werenskiolds "Fra topp til topp" andreplass - Knut Knaus "Askeladden og det halve Kongerike" tredjeplass og Harald Damslets "Legende" fjerdeplass. 

Det første året vart det seld ca. 250 000 festtelegramm i Noreg. Det siste telegrammet vart sendt i 1980. 


"Brudebuketten". 


"Havsula". Kunstnar: Th. Kittelsen. I bruk frå 1930 til 1980. 


"Krysantemum og nyper". Kunstnar A. Thornam. I bruk frå 1936 til 1980. 


"Gratulerer". Kunstnar: Yngve Anderson 


"Syriner" etter maleri av A. Thornam. 


"Meiser" Kunstnar: Ivar Barstad. 


"Fiskeflåten drar ut". Etter maleri av Axel Revold. 


"Lyngblomster". Kunstnar: A. Thornam. 


"Fra topp til topp". Kunstnar: Dagfinn Werenskiold. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal