Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Hobby
 

    

 
Frimerker som hobby
Forfatter: Posten
Publiseringsdato: 23.06.2003

Å samle frimerker er ein hobby over alle grenser - over landegrenser og aldersgrenser. Nesten uansett kva du har av interesser, finn du dei avspegla på frimerker. 

Arbeid med sortering, katalogisering og album er avkobling, og ei interesse som kan vare heile livet. Du kan samle på det som interesserer deg, og alle kan samle på sin måte. Du avgjer sjølv innsatsen, men for alle gjev frimerkesamlinga mange ekstra verdiar. Frimerka er små kunstverk, og studier av merka gjev deg kunnskap om landet dei kjem frå. Jakta på nye merker gjev spenning og kontakt med nære og fjærne samlarar. 

I frimerkesamlarane sine rekkjer er det plass for alle, men nokre grunnreglar må du lære for fullt ut å ta del i verdas mest populære samlarhobby. Først då blir du frimerkesamlar. 

Korleis begynne ? 
Det er lett å begynne. Ein dag får du eit brev. Klipp frimerket frå konvolutten, og du er i gang. 

Kanskje kan venner og slektningar gi deg merker dei ellers ville ha kasta. Kanskje kan du skaffe deg ein brevvenn å bytte med, og du kan gå på postkontoret eller til ein frimerkehandlar og kjøpe merker. Det er opp til deg sjølv, og du bestemmer sjølv tempo og innsats. 
Ein Heile-Verden-pakke kan være ein fornuftig måte å begynne på. Slike får du rimeleg gjennom frimerkeforretningar. 

Spre merka utover og begynn ei jorda-rundt-reise. Prøv å finne ut kva frimerka kan fortelje deg. Snart vil du oppdage at nokre merker interesserer meir enn andre. Du er i ferd med å bli frimerkesamlar. 

Kva skal du samle ? 
Å begrense samlinga er det første du må lære deg. Mengda av frimerker er så stor at det er nødvendig å spesialisere seg alt frå starten. 

Du kan velje mellom to hovudmåtar å samle frimerker på. Du kan samle på merker frå eit land eller landområde, og du kan samle etter motiv. 

Det er å samle merker frå heile verda med eit og same emne eller motiv. For motivsamlaren er utvalet nesten uendeleg. 

Men enten du samlar etter land eller motiv, må du også her begrense deg å begynne med eit lite område, og du bør helst ikkje blande frimerker med og utan stempel. Du vil snart oppdage at det er dyrt å skaffe dei eldste merka. Derfor er det nokså vanleg å samle innanfor bestemte tidsperiodar. Det blir også stadig meir populært å samle førstedagsbrev med spesialstempel. Men uansett korleis du samlar, det viktigaste er at du har system i måten du samlar på og interesse for det emnet du har valt. 

Nyttig å vite 
Legg vekt på kvalitet frå første stund og kast merker som er i stykker eller som er stygt stempla. Frimerker på konvoluttavklipp løsnar du i ein bolle med reint lunka vatn. Legg merka i press mellom trekkpapir når du tørkar dei, så blir dei heilt slett. 

Klipp ikkje i stykker ein fint frankert konvolutt og klipp aldri bort merker på gamle brev. Dei er som oftast mykje meir verdt enn frimerka åleine. 

Kast aldri fullverdige merker sjølv om du har dei frå før. Slike dublettar er fine bytteobjekt som du kan samle i ei eiga dublettbok. Og husk kvalitetskrava. Først då blir det å stelle med frimerker ei like stor glede kvar gong. 

Samlinga tek form 
Eit album må du ha. Først når frimerka er på plass i eit album, har du ei frimerkesamling. Det er mange typar å velje mellom. 
Velg eit med lausblad-system, så er det lettare å flytte om etter kvart som samlinga veks. Nybegynnaren likar ofte eit album der frimerka er avbilda. Men seinare vil du kanskje oppdage at det er meir morsosamt å koponere samlinga sjølv. Derfor finst det også album med nøytrale ark, som gir samlinga eit personleg preg. 

Sats på A4-format, det er internasjonal standard. Monter luftig og la merka tale for seg sjølv. Og bruk aldri lim eller tape. Brukte frimerker fester du til albumarka med frimerkehengsler. Til ubrukte merker brukar du helst klemlommer, - for ikkje å skade gummien på baksida. 

Hjelpemidlar 
Behov for hjelpemidlar melder seg snart. Pinsett er frimerkesamlaren sitt viktigaste reidskap. Bruk alltid pinsett når du tek i frimerker. For å studere merka nøye treng du ei lupe. Ein taggemålar og ei lita svart skål til å granske vannmerke med kan du også få glede av. 

Frå første stund vil du trenge innstikksbøker til sortering og dublettar, men det viktigaste hjelpemidlet for den som vil utvikle seg som frimerkesamlar, er katalogen. Den hjelper deg å identifisere, sortere, studere og vurdere dine merker, og den gir ei oversikt over det området du har valt å samle frå. Det finst mange utgåver av katalogar, og dei største er ganske kostbare. Derfor kan ofte fjorårets katalog gjere nytta til ein langt lågare pris. Spør i frimerkeforretningane eller i ein bokhandel. 

Kjelde: Postens Frimerketjeneste. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal