Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Industrihistorie
 

  

 
Frå kraftverk til forbrukar
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 18.12.2006


Parti frå masfjordfjella. Foto: BKK 

Elektrisiteten held industrien i gang og forsyner byar og bustadar med lys, varme og drivkraft til alle dei maskiner og apparat som moderne menneske ikkje kan være forutan. 

Det veldige energibehovet i vårt moderne samfunn kan berre dekkast ved hjelp av den praktiske energiforma vi kallar elektrisitet. Distribusjonen av denne energiforma er blodomløpet i dagens samfunn. 

I lommelykta han vi klare oss med eit tørrelement, og i bilen går det greit med dynamo og akkumulator. Men til det storforbruket som samfunnet krev må energien produserast i kraftverk. 

Naturen leverer råvara 
I det fjell- og nedbørsrike landet vårt er det naturen sjølv som direkte leverer den mekaniske energien som trengst til elektrisitetsproduksjon. 

Det er tilstrekkeleg å omdanne den mekaniske energien til elektrisitet. Det blir gjort ved å bruke vasstraumen som drivkraft for ein turbin, som igjen driv ein elektrisk generator. Frå kraftverket til forbrukar blir den elektriske energien overført gjennom eit rikt forgreina fordelingsnett. 

Dette nettet er oppbygd slik at kvar forbrukar skal få sin energi i den gunstigaste forma, og at det heile skal fungere så økonomisk som muleg. 

I vårt land ligg dei store kraftverka langt borte frå tettstadane der det meste av krafta blir brukt. Problemet med overføringa er å unngå for store tap i leidningane. Spenninga må derfor gjerast så høg som det teknisk er muleg. 275 000 volt var ei tid den høgaste spenninga som blei brukt på norske overføringslinjer, men no er fleire linjer bygd for 380 000 volt. 

Trafostasjonar 
Ved kraftverka blir generatorspenninga trasformert opp til den spenninga som overføringslinjene kan ta, f.eks. 380 000 volt. 

Stamlinjer fører fram til ein transformatorstasjon (trafostasjon) der spenninga blir redusert for vidare distribusjon, f. eks. 132 000 volt. 

Trafostasjonane er ofte også koblingsstasjonar, der krafta frå ulike kraftverk kan koblast inn. 

Via nye trafostasjonar kan straumen bli transformert vidare nedover og kan gå som «råkraft» til kommunale elektrisitetsverk eller større industri. 

Til det vanlege forbruk i heimane blir straumen transformert ned til 220 volts spenning (i enkelte land er 110 volt det vanlege). 

Maskinsalen i Matre kraftverk i Masfjorden. Foto: BKK. 

Lydig - men farleg tenar 
Den straumen som er livsfarleg for eit menneske er mindre enn 1 % av den straumen ei kokeplate treng for å bli varm. Likevel skjer det ytterst få dødsulukker på grunn av elektrisitet i Norge, sikkert først og fremst takka være omfattande og strenge forskrifter for elektriske anlegg. 

Før elektrisiteten får sleppe inn i heimen vår, må den passere ein «sikkerheitsventil», nemleg sikringen. Den bryt straumen dersom straumstyrken blir for stor i den delen av anlegget som sikringen skal betjene. Kortslutningar som kan føre til brann, fører også til at sikringen «går». Overalt i heimen blir elektrisiteten ført fram i isolerte leidningar. Det hindrar at vi kjem i direkte berøring med den. 

Samkøyring 
For å utnytte på beste måte dei store investeringane som er gjort i fordelingsnettet, er det nødvendig å koble saman så mange kraftverk som muleg. Det krev ei god samordning av drifta heilt frå manøvrering av magasina til fordeling av oppgåvene på dei enkelte kraftverk. Denne samkøyringa sikrar oss jevn tilgang på kraft. Må eit kraftverk stoppe for å overhale eller reparere maskiner, overtar andre kraftverk straumleveringa. 

Behovet for elektrisk kraft er omtrent like stort heile året, men vassføringa i vassdraga skiftar med årstidene og med turre og våte år. Det er difor som regel nødvendig å regulere vassdraget. Vatn frå overskotsperiodar kan då lagrast i såkalla magasin, oppdemma naturlege eller kunstige innsjøar i vassdraget. 

Varmekraftverk 
Mange land og områder har liten eller ingen tilgang på vasskraft. Då kan ein produsere elektrisitet i varmekraftverk. I varmekraftverk er teknikken meir avansert. Energiproduksjonen startar med at varmeenergi blir frigjort, f.eks. ved brenning av kol, olje eller ved spalting av atomkjerner. Ved kol- og oljefyring blir kjemisk energi frigjort, i atomreaktoren kjerneenergi. 

Energien blir oftast brukt til å varme opp damp, og i ei dampmaskin eller dampturbin blir varmeenergien omgjort til mekanisk energi. Maskina eller turbinen driv så ein generator, som forvandlar den mekaniske energien til elektrisk energi. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal