Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Jernbanehistorie
 

   

   
Menneska og maskinene
Tekst: Scandion
Publiseringsdato: 19.08.2004

Opp gjennom århundra har menneska konstruert maskiner som letta arbeidet. Dampmaskina har, meir enn nokon anna maskin, æra for menneska sine matrielle framsteg. 
Før maskinene si tid måtte menneska gjere alt arbeid med muskelkraft - enten med sine eigne, eller ved hjelp av dyra. 
For to tusen år sidan var det 350 millionar menneske på jorda. I 1750 hadde det auka til 500 millionar. Då begynte maskinalderen, og folketalet auka fortare enn nokon gong. Fleire oppfinningar gjorde livet lettare for menneska, fleire barn levde opp, og fleire levde lenger. 

Det første store framsteg i utviklinga var dampmaskina, så kom damplokomotivet - og sidan kom forbrenningsmotoren som gjorde både bil og fly muleg. 

Dampmaskina, som blei oppfunnen i slutten av det syttende århundre, hadde ei voldsom virkning på samfunnet. Dei første 
dampmaskiner blei oppfunne for å drive pumper som skulle halde vatnet vekke frå gruveganger. 

Etterkvart som gruvene blei djupare, kom det meir vatn inn i gruvegangane, og dette gjorde arbeidet både vanskeleg og farlig. 

I 1698 tok ein engelskmann som heitte Thomas Savery patent på den første dampdrevne pumpa, som han kalla "The Miner's Friend" (gruvearbeidarens venn). Denne pumpa kunne brukast så lenge ein ikkje trong lyfte vatnet svært høgt, men i djupe gruver gjorde den lita nytte. 

I 1712 oppfann ein annan engelskmann, Thomas Newcomen, sin "Atmospheric Pumping Engine" (Atmosfærisk pumpemotor), ei maskin som berre utnytta ein del av Saverys oppfinning. Denne motoren løyste mange problem, men var tungvint og kostbar i drift. 

Omkring 60 år seinare laga James Watt ei mykje meir effektiv maskin og i 1782 tok han patent på ei dobbeltvirkande dampmaskin. 

Då den engelske ingeniøren Richard Trevithick hadde konstruert ein ny dampkjele som produserte damp med høgare trykk, kunne dampmaskina både lagast mindre og arbeide fortare. I 1803 plasserte Trevichick ei dampmaskin i ei vogn og køyrte 145 km på landevegen. 

Omtrent samtidig var det andre ingeniørar som bygde dampmaskiner som dei ville bruke på jernbanespora ved gruvene. Det var George Stephenson og sonen Robert som til slutt klarte å lage eit så godt lokomotiv at ein kunne sei at jernbana sine dagar var komne. Les artikkelen Verdas første jernbane 

Dampmaskina dreiv fabrikkar som grodde opp på 1800-talet. Snart etter dreiv dampmaskina både skip og tog. Folk kunne reise til lands og til vanns - og frakte gods der dei ville. 

Jernbana virka sterkast i dei store landa 
I 1789 var det berre fem byar av nokon særleg betydning i Dei Forente Stater: Philadelphia, New York, Boston, Charleston og Baltimore - som alle ligg nær sjøen. 

I 1850 var befolkninga i Statane auka frå 4 millionar til 23 millionar. I 1869 blei den første jernbana tvers over kontinentet ferdig, og innan 40 år var Dei Forente Stater dekka av eit jernbanenett som frakta ein milliard tonn gods om året. 

Mange britiske selskap var med på bygginga av dei første jernbaner rundt om i verda. Den første jernbanestrekninga i Noreg blei opna i 1854. Det var den 69 km lange Hovedbanen mellom Oslo og Eidsvoll. Bygginga av denne jernbanelinja starta i 1851 under leiing av Robert Stephenson. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal