Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Klima
 

   

    
"Fjernvarme" med Golfstraumen
Tekst: Scandion
18.06.08

«Fjernvarme» transportert gjennom Golfstraumen gjer at Nordvest-Europa får langt mildare vintrar enn breddegraden skulle tilseie, og den har stor betydning for klimaet langs norskekysten.

Golfstraumen er ein mektig havstraum som kryssar det nordlege Atlanterhav frå sørvest mot nordaust. Det har sitt utspring i Den meksikanskje golf, og strøymer med stor fart ut gjennom Floridastredet, føl austkysten av Nord-Amerika til Cape Hatteras, mot Newfoundland-bankane og krysser derfrå Atlanterhavet.

Vest for dei britiske øyar deler Golfstraumen seg i ei sydgåande grein, som bøyer av mot Kanariøyane, og ei nordgåande grein, inn i Norskehavet mellom Skottland og Færøyane. Størstedelen av denne greina føl norskekysten frå Stad og nordover. Omtrent ved Nordkapp deler den seg i ei grein som går nordover mot Svalbard, og ei som går mot Barentshavet.

Spanjolane blei klar over den sterke Floridastraumen alt i 1513. Amerikanaren Benjamin Franklin laga det første kart over straumen i 1770. Med systematiske temperaturmålingar frå fartøy som kryssa Atlanterhavet kunne ein kartleggje Golfstraumen.

Golfstraumen er ein fortsettelse av Ekvatorialstraumen som kjem austfrå inn i det Karibiske hav og Mexicogolfen. Når vassmassane med temperatur på opptil 27 grader vert pressa gjennom Floridastredet har straumen ein fart på opptil 2,5 m/sek, som tilsvarar ein vassføring på over 20 gonger den samla vassføring i alle elvane på jorda. Granskingar har vist at straumens oppbygging er svært komplisert, med bl.a. oppbygging av hvirvlar. Temperatur og saltinnhald kan variere sterkt frå år til år, og også innanfor kortare tidsrom.

Ved Florida er Golfstraumen omlag 100 km brei. På det djupaste når den 700-800 meter under havoverflata. Posisjonen til Golfstraumen kan og skifte, og endringar på opptil 400 km er registrert.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal