Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Kyrkjer
 

    

    
Kyrkjer og kyrkjebyggjarar frå Nordhordland
Forfatter: Arne Høyland
Publiseringsdato: 07.05.2006

Denne nettutstillingen om kyrkjer og kyrkjebyggjarar frå Nordhordland er del av ein utstillingsserie eg planlegg å gjennomføra for på den måten å spreia meir kunnskap om kulturminna våre og styrka den regionale identiteten til Nordhordlendingane. 

Skogen og materialkunnskapen har kanskje vore den viktigaste bærebjelken i den gamle Nordhordlands-kulturen, og husbyggjarar med godt handalag og materialkunnskap vart ei etterspurd vare etter kvart som folketalet auka og Bergen vaks fram og brann ned med jamne mellomrom. Skal ein tru på det dei lærde skriv, og det kan no høva bra i dette tilfellet, så har bygningsstrilen gjennom fleire hundre år vore ei kjend merkevare. Petter Dass skriv om bygningsstrilane i eit av dikta sine etter ein av bybrannane i Bergen. For å byggja byen oppatt skriv han m.a. dette : ”Lad oss af Oster indkalde de Striler som ere vante med øxer og biler…” 

Mange har vel og høyrd variantar av hermet etter strilen som hadde vore i Bergen og då han kom heimatt var spørsmålet frå naboane: Sei meg, va da ei god svea i bydn? (Var det ein god brann i Bergen, som kunne gjeva dei byggjeoppdrag) 
Sidan mange av kyrkjene i Hordaland og Sogn og Fjordane er bygd av Nordhordlendingar, må bygningsstrilen ha markert seg som ein flink og attraktiv bygningsmann. 

Som kjelde til denne lista over kyrkjebyggjarar frå Nordhordland har eg brukt: 

NM: Norske Minnesmerker, bind 1, 2 og 3 (Midthordland, Sunnhordland, Nordhordland) 
NK = Norsk Kirkeleksikon. Våre kirker. Alf Henry Rasmussen.1993 
JH: Diverse jubileumsbøker om kyrkjene i Nordhordland skriven av Johan Litleskare 
JE: Jubileumsbok for Evanger kyrkje. 
PKSF : På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. Bind 1 og 2 
AS: Alf Strand, Masfjorden Kommune sine nettsider om kyrkjene i Masfjorden 

Eg har ikkje skaffa til vege mykje opplysningar om kyrkjebyggjarane, men det får koma i etterkant etter kvart som tida skriv fram. Dersom lesarane har opplysningar om andre kyrkjebyggjarar som ikkje er nemde her eller har fleire opplysningar/ rettingar til dei som er med i utstillingen, så tek eg gjerne imot det. Send ein e-post til arhoy@online.no

Gamle bilete er og av interesse, og vil også kunna inngå i utstillingen. 

Bileta som vert nytta i denne utstillingen har eg teke sjølv dersom ikkje anna er nemd. 

Kyrkjebyggjarane vert presenterte i alfabetisk rekkjefylgje. 

JON JONSEN ALVÆR 
Bø kyrkje (Radøy) 1868 (JL) 
Hauge kyrkje i Lærdal, 1869. (PKSF) 
Kyrkjebø, 1869 (PKSF) 
Guddal, 1870. (PKSF) 
Leikanger, 1872. (PKSF) 
Stavang, 1873 (PKSF) 
Hyllestad, 1880 (PKSF) 
Fet kyrkje i Luster, 1894. (PKSF) 

KARL ASKELAND, Radøy (1850 – 1911) 
Hafslo, 1878 (PKSF) 
Florø, 1882 (PKSF) 
Sæbø kyrkje (Radøy) 1884 (NM s. 169 bind 3) 
Hålandsdalen, 1890 (NM s. 25 bind 1) 
Manger kyrkje (Radøy) 1891 (NM s. 156 bind 3) 
Onarheim (teikingar), 1893 (NM s. 271 bind 2) 

OLE BYSHEIM 
Skånevik, 1682 (NM s.109 bind 2) 
Vikebygd, 1682 (NM s.143 bind 2) 
Tysnes, 1685 (NM s. 246 bind 2) 
Møster, 1686 (NM) 
Sveio, 1688 (NM s. 2 bind 2) 
Bremnes, 1689 (NM s. 51 bind 2) 

FUSE FJELLSKÅL 
Sund, 1673 (NM) 

ERIK FYLLINGSNES 
Skånevik, 1682 (NM s. 109 bind 2) 
Tysnes, 1685 (NM s. 246 bind 2) 
Møster, 1686 (NM) 

MOGENS GJERVIK 
Sund, 1673 (NM s.70 bind 1) 

SJUR RASSMUSEN HOLE 
Sandnes (Masfjorden) 1845 (AS) 

A. B. ISDAL 
Brekke kyrkje (Gulen) 1862 (PKSF) 

JAKOB MOLVIK 
Rekstern, 1936 (NM s. 255 bind 2) 

JOHANNES RAKNES 
Valestrand (Sveio) 1707 (NM s.15 bind 2) 

SJUR RAKNES 
Gimmestad kyrkje (Nordfjord) 1692 (PKSF) 
Uggdal, (reparasjon) Sunnhordland 1696 (NM s. 258 bind 2) 

MONS SKARE 
Alversund kyrkje, 1879 
Store Kalsøy, 1892 (NM s.71 bind 1) 
Møgster, 1892 (NM s. 105 bind 1) 

P. G. SPJOTØY 
Hersvik (Solund) 1891 (PKSF) 
Lygra kyrkje (Lindås) 1892 (Kjelde : Johan Litleskare) 
Husøy (Ytre Sogn) 1896 (PKSF) 
Ytre Arna, 1899 (N.M. s. 111 bind 1) 

MIKJEL SVENHEIM 
Haus, 1874 (NM s. 107 bind 3) 

OLE SYSLAK 
Evanger kyrkje, (Voss) 1851 (JE) 
Eivindvik (Gulen) 1863 (PKSF) 
Askvoll, 1863 (PKSF) 
Lindås, 1865 (PKSF) 
Fjell, 1874 (NM s.121 bind 1) 
Solheim kyrkje (Masfjorden) 1882 (MK) 

ASKILD TEPSTAD 
Eid (Reparasjon) Sunnhordland 1696 (NM s. 207 bind 2) 
Uggdal (Reparasjon) Sunnhordland 1696 (NM s. 258 bind 2) 

STEFFEN TOFT 
Hamre kyrkje (Osterøy) 1616 (JL) 
Gjerstad, 1622 (JL) 

JOHANNES ØVRE-MJELDE 
Vikebygd, 1682 (NM s.143 bind 2) 

JOHAN ØVSTHUS 
Årland (Samnanger) 1851 (NM s. 61 bind 1) 
Strandvik, 1857 (NM s. 32 bind 1) 
Fusa, 1861 (NM s. 2 bind 1) 
Stamnes kyrkje (Vaksdal) 1861 (JL) 
Tjugum (Sogn) 1863 (PKSF) 
Dale (Fjaler) 1864 (PKSF) 
Lavik (Sogn) 1865 (PKSF) 
Feios (Vik i Sogn) 1866 (PKSF) 
Mo kyrkje (Modalen) 1883 (JL) 

ASKILD ÅSE 
Solund, 1860 (PKSF) 
Vangsnes (Sogn) 1861 (PKSF) 
Strusshamn, 1864 (NM s. 132 bind 1) 
Meland kyrkje (Meland) 1866 (NM bind 3) 
Øystese, 1868 (NM) 
Tysnes, 1868 (NM s. 249 bind 2) 
Haus, 1874 (NM s. 107 bind 3) 
Laksevåg, 1874 (NM s. 64 bind 1) 
Husnes, 1874 (NM s. 278 bind 2) 
Fresvik (Sogn) 1881 (PKSF) 
Kausland, 1881 (NM s. 77 bind 1) 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal