Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Kyrkjer
 

 

Steinkyrkjene i Sogn
Forfatter: Terje Eggum
Publiseringsdato: 31.01.2003

I midtre og indre fjordbygder i Sogn står det att ti kyrkjer frå mellomalderen. Dei er alle 700 år og eldre. Fem av dei er stavkyrkjer, dei andre fem er bygde i stein. Ei sjette steinkyrkje stod på Njøs i Leikanger, men denne er borte no, til liks med kyrkja på Kvåle i Sogndal, som truleg også var i stein. 

Sogn er eit eventyr for dei som ynskjer ta del i mellomalderens byggekunst. Her er rikt høve til å studera epokens meisterverk. 

Den første steinkyrkja dukkar opp midt inne i fjorden. På Kvamsøy i Balestrand står ei kvitkalka kyrkje frå ca. år 1300. 
Denne er yngst av dei fem gamle steinkyrkjene i Sogn. Dei to eldste ligg på sørsida, i Vik og i Aurland, den fjerde ligg ved Lustrafjorden og den femte står i Leikanger. Dei er alle reiste innanfor eit tidsspenn på omlag 100 år, frå sist på 1100-talet til omkring år 1300. 


DALEKYRKJA. Steinkyrkja i Dale i Luster frå rundt 1250 er vide kjend for interiøret, dekoren på veggane og vestportalen inn mot kyrkjeskipet. (Foto: Terje Eggum) 

Dalekyrkja 
Mellom Gaupne og Skjolden ligg den vesle tettstaden Dale. Her står ei av dei rikast utstyrte mellomalderkyrkjene i landet. 

Dalekyrkja er frå ca. år 1250 og har interiør som ein må til dei store katedralane for å finna make til. I alle hjørne av denne kyrkja, kring dører og glas, er klebersteinen hoggen på meisterleg vis. 

Konservator Olav Seter, som for 50 år sidan var engasjert av riksantikvaren for å restaurera biletkunsten i Dale kyrkje, seier det slik i Sigurd Fjøsne sin tekst frå 1954: «Av alle kirker i landet er det bare Nidarosdomen som kan oppvise portaler som er enda mer praktfulle.» 

Han siktar til den mektige portalen i stein, den såkalla vestportalen, som fører inn i kyrkjeskipet frå våpenhuset. 

Men Dalekyrkja er også kjent for den rike veggdekoren. Vel visste ein ved hundreårsskiftet at veggene i Dalekyrkja bar på ein løyndom, men først i 1948 vart avdekkinga igangsett. Den kvite kalken vart fjerna, og ei 200 - 300 år gamal biletrekkje kom til syne. I neste omgang kom renessansedekoren fram (1500-talet) og til sist dekoren frå mellomalderen (1300-talet). No blussar fargane att i Dalekyrkja. Dei breier seg på veggflatene kring alteret og baketter i koret. Bileta frå mellomalderen syner kjenslegt teikna andlet og føter, og er måla på det opphavlege pusslaget. Mang ein kyrkjeforskar har undra seg over at samtidas fremste uttrykk i kleberstein og biletkunst utfalda seg i ei lita fjordbygd i Sogn. 


Vangen kyrkje i Aurland, ei steinkyrkje frå første delen av 1200-talet. (Foto: Terje Eggum ) 

Vangen kyrkje 

Tårn på kyrkjer frå mellomalderen er bygde til seinare. Men Vangen kyrkje i Aurland, ei steinkyrkje frå første delen av 
1200-talet, har sitt opphavlege ytre. Her er ingen kneisande spir bygde på i ettertida, taket over skipet er reint og går heilt fram til vestgavlen. 

På denne kyrkja er linene vel ivaretekne, lengdeverknaden intakt og forholdet mellom skipet og koret perfekt. Innvendig er kyrkja 16 meter frå golv til møne. 

Kyrkja i Aurland er restaurert i fleire omgangar, sist i 1926. Då handla det mest om å retta oppatt feila frå den første. Gamal dekor vart vaska fram att og våpenhuset fjerna, slik kom hovudinngangen i kleberstein betre fram. Mektige ætter hadde tilhald i Aurland frå den første kristne tida og utetter. Historikaren Anders Ohnstad utelukkar ikkje at denne steinkyrkja er reist av ei stormannsætt som har hatt hovudsetet sitt her. Men den eldste kyrkja stod på haugen bakom og er i dokumenta frå mellomalderen nemnd som kyrkja på Rygg, ei trekyrkje som vart riven sist på 1500-talet. 

Ser ein på kyrkja i landskapet er steinkyrkja på Vangen kanskje den vakraste av dei alle. Gjennom snart 800 år har dette meisterverket i sakral byggekunst vore tettstaden sitt andlet mot fjorden. 


LEIKANGER KYRKJE. I Leikanger står ei av dei fem steinkyrkjene Sogn har att frå mellomalderen. Tårnet er bygd til på 1600-talet. 
(Foto: Terje Eggum) 

Leikanger kyrkje 
I Leikanger stod i mellomalderen to steinkyrkjer. I dag står berre den eine att. Vurdert ut frå storleiken og plasseringa har denne truleg vore ei viktig kyrkje i Midtre Sogn. 

På same staden, kloss i notidas tinghuskompleks, har truleg stått ei trekyrkje før kyrkja i mur vart reist. Eit vakkert krusifiks. som no er ein del av samlingane ved Bergen Museum, er 100 år eldre enn steinkyrkja. og kan stamma frå ei eldre kyrkje på same staden. 

Kyrkja i Leikanger er frå ca. år 1250. Tårnet kom til i 1660-åra, korbygget vart bygd til i 1872, same året som tårnet vart bygd om. I 1954 fekk tårnet attende form og farge frå 1660, samstundes om det vart flytt frå våpenhuset til vestgavlen. 

Det har lukkast å ta vare på storparten av renessanseinteriøret som altartavla frå 1606 med innskrift på fem ulike språk, preikestolen og unike presteportrett signert bergenskunstnaren Elias Figenschou. Nesten like kjent som kyrkja er prestegardshagen i Leikanger. 

I Leikanger stod også ei sjette steinkyrkje. Denne låg på Njøs, like over Hermansverk. Ho gjekk tidleg ut av bruk. Bispar på visitas rapporterte utetter 1800-talet om murane som stod att. I prost Ivar Leganger sine skildringar frå l600-talet heiter det: 
«Her står endnu en forlatt, stor stenkirke, og gården sies at have tilhørt en mæktig mand.» I 1880-åra var Njøsakyrkja så godt som borte frå jordas overflate, men konturane etter muren slår framleis gjennom nypløygd jord. 

Kyrkja på Kvåle i Sogndal skal også ha vore av stein. Denne vart lagd ned i 1544 og er rapportert som ruinar i 1626. 


HOVE KYRKJE. Den vesle steinkyrkja på Hove i Vik er eldst av dei fem mellomalderkyrkjene i stein. (Foto: Terje Eggum) 

Hove kyrkje 
Den vesle steinkyrkja på Hove i Vik er eldst av dei fem mellomalderkyrkjene i stein. Dette er også den eldste bygningen i Sogn. Kyrkja er bygd mot slutten av 1100-talet, då også mange av steinkyrkjene i Bergen vart oppførde. 

Hovekyrkja er eit meisterverk i murarkunst. Kleberblokkene er perfekt skorne og tilpassa. Portalar, hjørne og innrammingar er også i sirleg kleber. Men det er lite att av kyrkja sitt utstyr frå mellomalderen. 
Den etterreformatoriske altartavla, preikestolen og dei rikt farga veggene er heller ikkje lenger ein del av Hovekyrkja. Alt vart borte med arkitekt Blix si restaurering i 1880-åra som tok sikte på å attreisa mellomalderen. Innsatsen enda opp med å bli karakterisert som ei fattig erstatning for 1600- og 1700-åras vakre innreiing. 

Blix er likevel mannen som berga dei to gamle kyrkjene i Vik. Ettertida kan takka han for at steinkyrkja på Hove og stavkyrkja på Hopperstad framstår som noko av det kostelegaste me har frå mellomalderen. I kyrkjesamlinga ved Bergen Museum er Hovemadonnaen, ei forgylt statue frå steinkyrkja, eit av dei best kjende objekta. Blix valde å reisa eit massivt tårn framfor kyrkja sin vestgavl. Det er eit av dei svake punkta ved restaureringa, og det hadde truleg teke seg betre ut om den framre hallen hadde slutta under takflata frå skipet, slik dette har vore løyst andre stader på Vestlandet. Ser ein bort frå tårnet er kyrkja på Hove ein av dei vakraste steinbygningane i landet. 


KVAMSØY KYRKJE. På den vesle Kvamsøya i Balestrand står den mest anonyme av dei fem kyrkjene. (Foto: Terje Eggum) 

Kvamsøy kyrkje 
På den vesle Kvamsøya i Balestrand står den mest anonyme av dei fem kyrkjene. Kvifor reiste ein i mellomalderen ei 
steinkyrkje på nett denne staden? Truleg må ein søkja forklaringa i den livlege ferdsla på Sognefjorden. Sjøfolka har stige i land, lagt att ein skjerv til kyrkja og teke gudsfreden med seg i byte. Kanskje har Kvamsøy-kyrkja hatt ein funksjon som ikkje har vore ulik ei samtidig stavkyrkje, St. Tomaskyrkja på Filefjell ? Kanskje har dei vore kyrkjer for ferdafolket ? På veggen ved hovudportalen til kyrkja er det innfelt ei lita nisje i kleberstein, som opphavleg har hatt eit lite gitter. 

Kanskje har dei sjøfarande kunna forretta andakten sin her, bede helgenen om bør og lagt inn ein mynt som takk for overståtte strabasar ? 

Kvamsøy kyrkje er reist kring år 1300. Her er det lite som minner om det forfina handverket frå Dale og Hove. Murverket er grovt og saknar finessane frå steinkyrkjene i Luster og Vik. Det har heller aldri vore eit murt tårn på denne kyrkja. Trespiret på mønekammen over vestgavlen er bygt på i 1700-åra. Kyrkja på Kvamsøy har vore avhengig av milde gåver frå ferdafolket og er difor skjøtta i rykk og napp. I dag ligg kyrkja godt skjult bak tett vegetasjon. Gamle frukttre vaktar om dei kalka veggene og dei raude pannesteinane. 
--------------------------------------------- 
FSF Fjord og kyst 1998 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal