Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Kyrkjer
 

   

 
Vest-Norske tømmerkyrkjer frå 1600 talet
Forfatter: Arne Høyland
Publiseringsdato: 31.05.2006

På 1600-talet vart det bygd mange nye tømmerkyrkjer her i landet. Desse kyrkjene avløyste dei gamle stavkyrkjene. Seinare på 1800-talet vart 1600-talskyrkjene revne og det kom ein ny generasjon med tømmerkyrkjer som då vart større og meir tidsmessige. 

Men ikkje alle 1600- tals kyrkjene vart revne, så enkelte eksemplar er framleis å finna rundt i landet. I Nordhordland står det att ei kyrkje frå 1600- talet og det er Hamrekyrkja på Osterøy. Elles finn me nokre få til i Hordaland og fleire i Sogn og Fjordane. Eg har sett på ein del av desse og vil her visa bilete eg har teke. Opplysningane om kyrkjene er henta frå følgjande bøker: 

NM : Norske Minnesmerker, bind 1, 2 og 3 (Midthordland ,Sunnhordland, Nordhordland) 
NK = Norsk Kirkeleksikon. Våre kirker. Alf Henry Rasmussen.1993 
PKSF : På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - bind 1 og 2 

Her kjem ei førebels liste over kyrkjer som vert med i utstillinga: 

Flåm kyrkje, Sogn 
Hamre kyrkje, Osterøy i Nordhordland 
Vorland kyrkje, Bømlo i Sunnhodland, 
Holdhus kyrkje, Hålandsdalen i Sunnhordland 
Ålfoten kyrkje, Nordfjord. 
Gimmestad kyrkje, Nordfjord
Vilnes kyrkje, Askvoll i Sunnfjord 
Hestad kapell, Gaular i Sunnfjord 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal