Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Land og rike
 

   

   
Polarområda Arktis og Antarktis
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 13.11.2003

Det er svære vassmengder bunde opp i isen i polarområda. Om all isen smelta ville alle verdas hamnebyar og store låglandsområder komme under vatn. 

Den varmemengda som jordoverflata får frå sola, er minst ved polane. Betydelege varmemengder blir trasportert med havstraumane og vindar frå tropane i retning polane, men ikkje nok til å smelte dei enorme ismassane som har samla seg der. Om all isen skulle smelte, vil det kunne forverre klimaet i Norden. Den skandinaviske halvkula vil kanskje på nytt bli dekka av is, slik som i istida. 

Nordpolen 
Det nordlege polarområdet heiter frå gammalt av Arktis. Nordpolen befinn seg i eit djuphav dekka av drivis. Havet er begrensa av Sibir, Canada og ein krans av øyar. Dette randområdet har ein særprega dyreverden. Moskusokse, rein, isbjørn og polarrev streifar omkring. Sjøfugl hekkar i millionar, og havet er fiskerikt. Verdas nordligaste folk, eskimoane, har i uminnelege tider levd av jakt og fiske. 

Nordpolen vart første gong nådd av Peary 6/4 - 1909. Amundsen og Byrd, passerte første gong med fly over Nordpolen i 1926. 

Sydpolen 
Det sydlege polarområdet heiter Antarktis, og er ein veldig, isdekka landmasse. Eit kontinent dekka av innlandsis og omkransa av eit hav med drivis frå den kalvande iskanten. Det harde klimaet gjer at dyreverden er fattig - dei viktigaste dyra er pingvinar, kvalar og sel. Ingen menneske lever her, bortsett frå forskarar. 

Sydpolen vart første gong nådd av Roald Amundsen 14/12 - 1911. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal