Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Landbruk
 

   

 
Landbruk i utvikling
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 16.08.2005
  
Svartedauden i 1349-50 sette landbruket sterkt attende og mange gardsbruk vart lagd øyde. Det skulle gå omlag 300 år før landbruket igjen var i utvikling. 

"Rydningsreformen" av 1632 gjorde sitt til at det vart meir fart på landbruket. Etter kvart vart bearbeiding av jorda betre takka være nye oppfinningar av reidskaper. Den Lom´ske radsåmaskin vart konstruert i 1778. 

Av kornsortar vart havre vanlig over det meste av landet, men fjellbygdene og dei nordlege landsdelar dyrka mest bygg. 
Kveite, rug og erter vart dyrka ein del over Austlandet, der nepedyrking var alminneleg kjent. Poteta kom til landet omkring 1750, og fekk stor betydning for landbruket. 

Frå midten av av det 18. århundre vart det frå staten si side gjort mykje for eit betre landbruk. Særleg flatbygdene på Austlandet får ei rask utviding av åkerarialet. Heilt nye grender og bygdelag oppsto, bl.a. Målselv og Bardu. 

Utviklinga av husmannsvesenet var eit av dei store framstega i denne tida. I 1825 var antall husmenn 48 706, og talet på husdyr var slik; 
Hestar : 113 163 
Storfe : 644 414 
Sauer : 1 213 463 
Grisar : 74 900 

Ei ku mjølka omlag 700-900 liter for året. 

Frå 1850 gjorde mange nye synsmåtar seg gjeldande som førte til store framsteg i landbruket. Det vart oppretta mange landbruksskular og forsøkstasjonar som saman med reisande landbruksfunksjonærar fekk stor betydning for landbruket si vidare utvikling. I 1897 fekk vi dessutan Norges landbrukshøgskule i Ås. 

Jordbruksarialet i 1939 var på 11,16 mill. dekar fordelt på 328 181 gardsbruk. 

Dei fleste av gardsbruka var på under 50 dekar 
- 45 013 mellom 50 og 100 dekar 
- 18782 mellom 100 og 200 dekar 
- 5432 mellom 200 og 500 dekar 
- 351 mellom 500 og 100 dekar 
- og berre 41 gardsbruk var på over 1000 dekar. 

Tal på husdyr i 1939 var; 
Hestar : 206 041 
Storfe : 1 459 658 
Sauer : 1 745 731 
Geiter : 249 158 
Grisar : 366 136 
Kaninar : 100 096 
Fjørfe : 3 473 987 
Bikuber : 39 803 
Pelsdyr : 555 491 
Rein : 129 876 

Tal på frukt- og bærbuskar : 
Eple : 1 882 661 
Pære : 402 486 
Plomme : 939 106 
Kirsebær og moreller : 543 854 
Rips : 1 890 151 
Stikkelsbær : 1 221 928 
Solbær : 1 317 159 
----------------------- 
Kjelde : Fakta (1948) 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal