Rubiks terning utfordra millionar (04.06.08)
Forfatter: Scandion
Over
heile verda, frå Hammerfest til Sydney, har folk skrudd, vridd og
vrenga på denne firkanten, som må være det mest opprivande
og engasjerande puslespel som nokon gong er skapt. Har du også vorte
utfordra ?
Terningen vart oppfunnen av Ernö Rubik, ein ungarsk
bygningsingeniør og interiørarkitekt som underviste ved eit
kunstakademi i Budapest.
Over heile kloden har millionar av menneske som forheksa
prøvd seg på dette fengslande puslespelet. Rubiks terning
er ein liten plastkube omtrent på størrelse med ein firkanta
tennisball. Kvar av dei seks sidene har ulike fargar og er delt opp i ni
kvadrat.
Ein sinnrik mekanisme inne i terningen gjer at ein kan
rotere alle delar av den både horisontalt og vertikalt. Utfordringa
består i å få kvar av dei seks sidene einsfarga.
Sommaren 1974 sat Rubik og sysla med geometriens lover
då han første gong fekk idéen til ein tredinmensjonal
gjenstand som kunne rotere omkring tre forskellige akser. Problemet var
å finne opp ein mekaniske som kunne omgjere alle dei kompliserte
bevegelsane til ganske enkle vridningar som forandra det kvadratsystemet
dei seks sidene på ein terning består av.
Til slutt sat han med ein prototype som verkeleg fungerte,
og etter å ha vridd på den eit par gonger - fekk han ei stor
utfordring: å få rydda opp i dei seks sidene igjen.
Det finst eit nesten ubegrensa antall ulike fargemønster.
Etter veker med vridningar og forsøk på å få eit
overblikk over dei romforhold som gjorde seg gjeldande, klarte Rubik til
slutt å få dei seks sidene tilbake til utgangspunktet.
Han skreiv så ned detaljane i kuben sin konstruksjon
og fekk patent på oppfinninga i 1975.
I åra framover gjekk terningen som ein farsott over
heile verda, og fabrikken i ungarn produserte millionar.
Utan nokon form for hjelp kunne det ta dei tidlegaste
\"kubistane\" fleire månader med intens pusling før dei fekk
terningen tilbake til utgangspunktet. Sjølv dyktige matematikarar
kunne bruke veker på løysinga. Ikkje så rart - for antal
kombinasjonar er heile 43 252 003 274 489 856 000.
Etterkvart kunne dei dyktigaste løyse terningen
sine mysterier på 20 - 25 sekundar. |