Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Seglskip
 

  

 
Glanstida for seglskutene
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 13.12.2004

Makta og velstanden vår har i alle år gått opp og ned med skipsfarten. I dei fyrste tunge åra etter 1814 låg skipsfarten nede. Engelskmennene tok svært stor toll av trelasta vår. 

England hadde og ei lov som sa at utanlandske skip berre måtte koma med varer frå sitt eige land. Denne lova kalla dei "navigasjonsakta". Ho vart avvikla i 1849. 

Tollen på trelast frå Noreg vart óg sett ned, og skipsfarten vår tok seg svært opp. Nybygginga gjekk veldig fram på Agderkysten. I åra 1850 til 1880 voks flåten frå 300 000 til 1 500 000 tonn . Dette var glanstida for seglskutene. Berre England og U.S.A. hadde større flåte enn Noreg. Arendal var på den tida den største skipsfartsbyen vår. 
 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal