Shetland - eit forblåst paradis
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 15.03.2005
Shetland, britisk øygruppe nordvest for Orknøyene
og Skottland, består av ca. 100 større og mindre øyar.
Størst er Mainland med hovudstaden Lerwick og fiskarhamna Scalloway.
Andre store øyar er Yell og Unst nord for Mainland,
og ute i havet i sør ligg Fair Isle med fugleobservatorium.
Klimaet er mildt og fuktigt, med mykje vind. Vegetasjonen
består for det meste av lyngheier. Vakker natur, med høge
fjellskråningar, fuglefjell og djupe bukter. Oljeindustri, fiske,
husdyrhald og ullproduksjon er dei viktigaste næringsvegane.
HISTORIE
Gravfunn og hustufter vitnar om fast norsk busetnad frå
ca. 800. Shetland vart seinare ein del av Orknøy-jarlane sitt rike,
men var ein del av Gulatinget sitt lagdømme. I 1152 / 53 vart Shetland
eit eige bispedømme under erkebispestolen i Nidaros, og med Orknøy-jarlen
si støtte vart Shetland i 1195 lagt direkte under Norge.
I seinmiddelalderen var det skotske adelsmenn som styrte
øyane - inntil Christian 1 i 1468, utan det norske riksrådets
samtykke, pantsette både Shetland og Orknøyane som sikkerheit
for dottera si medgift i ekteskapet hennar med skottekongen.
SHETLANDSGJENGEN, norsk marineavdeling under den
2. verdskrig, gjennomførte over 200 tokt mellom Shetland og Norge
på mindre fartøy, skøyter, motortorpedobåtar
og dei tre ubåtjagarane Hessa, Hitra og Vigra. Dei utførte
ei rekkje hemmelege oppdrag, og frakta bl.a. folk frå Linge-kompaniet,
flyktningar, militærutstyr og etterretningsfolk. Mange av turane
hadde som mål å bygge opp Bjørn West-avdelinga i Masfjordfjella
med både folk og utstyr.
Shetlandsgjengen fekk mot slutten av krigen namnet Norwegian
Naval Special Unit (NNSU) |