Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Skipsfart
 

   

    
Dampskipet "Bergen"
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 02.01.2008


Dampskipet "Bergen". Maleri på porselenskopp tilhøyrane Sjøfartsmuseet i Bergen. 

Fredag 3. desember 1852, klokka 13.00, kom dampskipet "Bergen" inn på Bergen hamn. Fartøyet hadde ei lengde over dekket på 186 fot og ei breidde på midten på 24 fot. To skorsteinar og tre master ga skipet ein stolt reisning. Farten på prøveturen var 13 knop og vart rekna som svært tilfredstillande. Salutt frå festninga skremde folk som trudde skota varsla om stor ildebrann. 


Michael Krohn. Fotografi av maleri av Knud Bergslien 1852. 

Mannen som skapte Det Bergenske Dampskibsselskab

Då Michael Krohn i 1851 starta arbeidet som førte fram til danning av Det Bergenske Dampskibsselskab, hadde han alt løyst viktige oppgåver og vunne ein sterk posisjon i Bergen. I kraft av si slekt og sine private forretningar høyrde han til den indre krets av byens økonomiske leiarar. 

12. desember 1851 kl. 10.00 var det halde konstituerande generalforsamling i Det Bergenske Dampskibsselskab. 

Generalforsamlinga vart halden på Børsen, der det vart lagt fram opplysningar om kjøp av skip, utarbeida av Michael Krohn sin tekniske rådgjevar, kaptein Jakob Rieck Ege. 

Vidare behandla generalforsamlinga forslag til "Statuter for Det Bergenske Dampskibsselskab". 

I §1 i protokollen stod det; "Det Bergenske Dampskibsselskab, der bestaar af Eiere af Actier á 100 Spd., søger at vedligeholde en regelmæssig Dampskipsfart imellem Bergen, Stavanger, Christianssand og Altona eller Hamburg". 

Dagen etter kalla direksjonen til den nye generalforsamlinga inn aksjonærane som skulle fatte beslutning om kjøp av selskapets første skip, og aksjonærane møtte alt den 16. desember. På møtet vart det beslutta å bemyndige direksjonen til "efter dens bedste Indsigt og Omdømme" å foreta billigast muleg innkjøp av eit ferdig dampskip, eller bestilling av eit nytt. 


Kaptein Jakob Rieck Ege. Etter fotografi. 

På oppdrag til England

18. desember fekk kaptein Ege i oppdrag å "begive sig paa Reise over Christiania og Hamburg til England" for å skaffe dei opplysningar direksjonen ville trenge før den fatta endeleg vedtak. 

Postforbindelsen med utlandet var sein, og direksjonen forstod at dersom det skulle bli fortgang med saka, måtte kaptein Ege treffe mange forløpige vedtak på eiga hand. 

Dei første rapportar han sende heim gjekk ut på at det ikkje synest muleg å få kjøpt eit verkeleg godt ferdig skip, så han foreslo at det skulle bestillast ein hjuldampar av jern hos firmaet Ths. Toward i Newcastle med maskineri frå den verkstaden den berømte ingeniøren Robert Stephenson hadde starta. 

Bestilling av skip

I ei ekstraordinær generalforsamling 28. februar 1852 vart det fatta vedtak om at kaptein Ege skulle bestille eit slikt skip med 180 hestekrefter for £ 11 000. Denne summen var meir enn selskapet sin økonomi kunne tåle, men ein av aksjonærane, konsul August Konow erklærte seg villig til å teikne 14 fleire aksjar. 

I forhandlingar mellom Mr. Toward og kaptein Ege vart det bestemt at ein ville bygge skipet etter nokre andre spesifikasjonar enn dei opprinnelege, bl.a. med ei maskin på berre 170 hestekrefter. Dette krov ei ny generalforsamling, den 16. mars 1852, - der det vart bestemt "at man var tilfreds med, hvad enten Skibet blev af 170 Hestekraft til £ 10 700 eller av 180 Hestekraft til £ 11 000". 

Spørsmål om namn på skipet kom også opp på denne generalforsamlinga. Eit fleirtal på fire medlemmar av direksjonen foreslo "Bergen", medan skipsbyggmeistar Brunchorst stilte forslag om "Olav Kyrre". Fleirtalet sitt forslag vart vedteke. 

Direksjonen hadde håp om å få skipet ferdig så tidleg at det kunne komme i fart utpå hausten 1852. Leveringsdatoen var sett til 25. juli - men det viste seg at Mr. Toward ikkje vart i stand til å levere "Bergen" den dagen han hadde forplikta seg til. Skipet vart først ferdig i november - og Toward nekta å betale den avtalte mulkta for sein levering, noko det i 1853 vart gjort vedtak om å inndrive. Før søksmålet kom for retten, døydde Mr. Toward. Selskapet kom då til ei minneleg ordning med buet, som betalte ein del av det skuldige beløpet. 

Det var kaptein Ege som tok "Bergen" over Nordsjøen. Han var kjent som ein dyktig skipsførar, hadde vore Michael Krohns tekniske konsulent under planlegging av selskapet, og han var ved Mr. Towards verft under heile byggjeperioden. 

Sidan leveringa av skipet vart så seint på året, måtte direksjonen oppgje tanken om å setje "Bergen" i fart før på nyåret - og jomfruturen gjekk frå Bergen til Hamburg 15. februar 1853. Ombord var det passasjerar og post til utlandet - og skipet hadde det kongelege splittflagg. 

"Bergen" gjekk i ruta Hamburg – Kristiansand – Bergen – Trondheim fram til 1865. Frå 1865 gikk det i rute Bergen – Hammerfest – Bergen – Kristiania. 

Dampskipet "Bergen" forliste i 1871. 

Poststempel 
”Bergen” brukte eit sirkelforma handstempel fram til 1865. Det var blått eller svart. 

Spesifikasjonar 
"Bergen" var oppført i Lloyds klasse A1, og var på 476 registertonn. 
Fartøyet hadde ei lengde over dekket på 186 fot og ei breidde på midten på 24 fot. Akterut var det eit halvdekk, slik at salongen for første plass fekk stor høgde under taket. Denne salongen var bygd av heil mahogni og utstyrt med fløyelstrekk på sofaer, mahognibord og forgylt listverk. 

Skipet hadde plass til 40 passasjerar på første plass, og hadde 16 "aabne Køier" på andre plass. 

To skorsteinar og tre master ga skipet ein stolt reisning. Farten på prøveturen var 13 knop og vart rekna som svært tilfredstillande. 

----------------------------------------------------------------------------------- 

Kjelde: "Norges eldste linjerederi" av Wilhelm Heilhau (jubileumsskrift til Det Bergenske Dampskibsselskabs 100-års dag - 1951). 
I boka kan ein lese at dei sakkyndige og almenheita var ytterst tilfreds med fartøyet. 
Ein utførleg beskrivelse av skipet stod også å lese i "Bergenske Blad" den 15. desember 1852. 
 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal