Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Skipsfart
 

   

    
Cruiseskipa på Vestlandet
Forfatter: Wilhelm Waage
Publiseringsdato: 26.12.2002

Det var «flytande hotell» dei var kalla tidlegare, frå dei første gong synte seg i vestlandsfjordane. Grunnen til at denne trafikken byrja var heilt enkelt at hotell - kapasiteten her vest var for liten og kvaliteten for dårleg. Vestlandske fjordar vart utruleg populære i Storbritannia og på Kontinentet på fåe år. 


M/S "Stella Polaris" 

Dei flytande hotella kom, og dei vart verande i sesong etter sesong heilt til den første verdskrigen sette ein stoppar for open ferdsle til sjøs. Men før so langt kom, hadde britar og tyskarar lagt sin elsk på landet vårt, på ulik måte. Kva tid det vi no får kalla cruiseskipet vart sett i ein vestlandsfjord for første gong, veit vel ingen for visst, men i Geiranger meiner ein at det var kring 1870. Nett den staden har vore eit av dei faste måla for mengder av turistskip opp gjennom åra. 

Namn på dei første skipa kjenner ein vel ikkje. Men i Jon Ytrehorn si bok «Nordfjord og Sunnmøre Billag 1914- 1948» har han teke med eit bilete frå Øye - Norangsdal, der ein ser eit av dei skipa som var fast gjest i mellomkrigsåra, nemleg ein HAPAG-dampar med tre skorsteinar. Dette tyske reiarlaget høyrde ei tid til dei store når det galdt Vest- og Nord-Noreg. På eit anna bilete frå Hellesylt ser ein óg eit tysk skip, truleg «Monte Rosa». Men dette er altso frå det vi lyt kalla «nyare tid». 


D/S "Meteor" 

Når det gjeld cruiseskip i Sogn og Fjordane, so finn vi i Charles Harvey si bok «1884 - 1984 Alexandra - Eit familiehotell» eit avsnitt som fortel at S/S «St. Rognvald» gjekk i turistrute til Hardanger - Sogn og Romsdal i 1886. 

Men meir interessant er det som vert fortalt om det britiske skipet «Midnight Sun», som ti år seinare kom på vitjing til Loen, som det første utanlandske turistskipet der i bygda. 

Dei årstala vi her har nemnt er med og byggjer opp under påstanden Halldor O. Opedal kjem med i boka «Turistferdsla i Hardanger før bilen kom». Der viser han bilete av S/Y «Ceylon» på hamna i Odda, og han seier, at dette er det første turistskipet i verda. Første vitjinga var i 1883, og skipet var i Hardanger nesten kvart år fram til 1907. Sjølv om det finns dei som seier at Hardangerfjorden var den mest populære i turismen sine første tiår, so er det lite truleg at ikkje dei flytande hotella óg vitja dei andre fjordane her vest. Det gjorde i alle fall keisar Wilhelm II med skipet sitt «Hohenzollern». 

No var det slett ikkje berre utanlandske turistskip å sjå i fjordane og langs kysten i sommarsesongen i tida fram til 1914. 
Norske reiarlag var óg frampå heller tidleg. Mellom dei var Det Bergenske Dampskibsselskab, som skaffa seg fleire «turistskip» i åra 1882 - 1914. Mellom desse var «Nordstjernen» (1882-1940), «Capella» (1885-1940), «Neptun» (1890-1928), «Mira» (1891-1941) og «Vega» (1895-1916). 

Av desse var det «Mira» som kvitmåla var kongeskipet i samband med Kong Haakon si kroning i Trondheim i 1906. Kaptein på skipet den gongen var Torger Torgersen, som frå 1910 til 1936 var direktør i Fylkesbaatane. 

Vi skal ta for oss juli månad i 1914, som var prega av stor turistflaum til lands og til sjøs. Dei største turistskipa hadde heile tida vore dei britiske, men dei mest «slagkraftige» hadde nok vore keisaren sin tyske flotilje. Den 25. juli låg dei samla i Balestrand, slik dei hadde gjort mest kvart år frå 1887. Alt var normalt, såg det ut til. Men om ettermiddagen sa keisaren brått farvel til venene sine, og skipa gjorde nokre æresrunder på fjorden, noko som óg hadde vore vanleg. Og so var ein epoke over. 

Ikkje alle skyna det den dagen, men mange gjorde det. Turistnæringa her vest gjekk mot sers trange tider. Den første verdskrigen var eit faktum, og den varde til 11. november 1918. Men etterverknadene varde mykje lenger og førde med seg svære økonomiske problem i heile verda, ikkje minst i dei landa som låg turistnæringa vår nærast - Storbritannia og Tyskland. 

I dei gode åra som hadde vore i denne næringa fram til krigsutbrotet, vart det bygt mange nye hotell kring i distriktet vårt, so fylket vårt stod godt rusta til å ta imot turistane, når dei måtte koma. Og dei kom. Tida fram til det neste krigsutbrotet vart likevel på mange vis meire positiv enn ein skulle tru. Det mest markante trekket er det, at turismen utvikla seg til ei næring, noko som gav seg uttrykk i ei organisering som gav seg gode resultat. 

Cruisefarten tok for alvor til att etter som økonomien betra seg i USA og i Europa, noko som fann stad noko etter 1930. Men alt før den tid hadde turistane byrja koma til landet att. Det er alltid nokon som har pengar og som ynskjer å sjå litt av verda. 
Og for britane vart Noreg atter eit godt reisemål, noko den aukande trafikken i BDS si englandsrute synte. Og den trafikken førde med seg auke i ruteferdsla i distriktet vårt óg. Talet på turistar auka jamt og trutt, og mange av hotella og pensjonata hadde gode sommarsesongar. 

No var ikkje skipa til Fylkesbaatane flytande hotell nett, men dei hadde vorte moderniserte og pussa opp etter kvart, og i 1915 hadde selskapet fått «Nordfjord I», som vart populær mellom dei reisande. På trettitalet kom so «den kvite flåten» - dei nye motorskipa våre - som sommarstid vart sette inn i dei lokale turistrutene i Sogn og Nordfjord. So Fylkesbaatane var med på leiken, ikkje minst då selskapet bygde D/S «Fanaraaken» i 1937. Framleis var dei vanlege rutebåtane viktige brikker i transportsystemet her vest. 

Når ein snakkar om «den kvite flåten» vår, so la oss for all del ikkje gløyma å ta med BDS sine to kvite svaner - D/S «Meteor» som vart kjøpt i 1921 og M/S «Stella Polaris» bygd i 1927, og som i sommarsesongen var faste gjester i vestlandsfjordane og på Nordkapp-turar. 

Mange vil nok seia, at dei tykte P&O Line sine skip «Orion» og «Orontes» var vel so trufaste travarar her vest i desse åra. Dei la vel óg att meire pengar her, for dei sette passasjerar i land fleire stader og ordna med overlandkøyringar som både skyssfolk og hotell sette pris på. Mindre pris sette vi på dei tyske «Kraft durch Freude»-skipa som etter kvart synte seg fram i fjordlandskapet. Ja, for ein får inntrykk av, at det var berre det dei gjorde, der dei med klingande tysk militærmusikk og tyske nasjonal og Hitler-songar dreiv «cruisefart» her vest. «Kraft durch Freude» var ein organisasjon som skipa til billegturar til England og Noreg for industriarbeidarar i Saar- og Pfalz-området. Eit av skipa heitte «Monte Rosa», og vart teke hand om i Oslo under krigen av ein ikkje ukjend mann ved namn Max Manus. Men i fredstid hadde ikkje skipet hatt noko vanskar i fjordfarten sin, for dei nytta norske losar. 

Men sjølv for den beste los kan det floka seg til når skodde, straum og hard vind gjer seg gjeldande. Og det gjorde det den 20. juni 1934, då Norddeutsher Lloyd sitt 15.000 tonn store cruiseskip «Dresden» heldt på å laga skipskatastrofe utanfor Karmøy. Dette er sovidt vi kjenner til det einaste forlis ein har hatt her sørpå når det gjeld store turistskip. «Dresden» var på sin fjerde noregstur det året med «Kraft durch Freude»-reisande. Skipet skulle til Hardanger, men skodda hindra skipet i å koma seg inn i fjorden. Som eit plaster på såret for dei reisande skulle ein gå mest mogleg innaskjers søretter att, for skodda såg ut til å vera lettare der. Diverre tetna ho til att, so skipet måtte gå ut til havs nord for Haugesund og gå på utsida av Karmøy i retning Stavanger. Men vinden auka på og regntjukka tetna til, og i tung sjø med null sikt rørde «Dresden» ved botnen på Arsgrunnen sør for Karmøy. 

Det vart fort klårt at skipet tok inn vatn, og med full fart gjekk det mot Karmøy, der ein sette det på land ved Blikshavn. Om bord var det 1.400 menneske som var i livsfåre. Naudmeldingane nådde ei rekke skip, mellom anna det britiske slagskipet «Rodney», men det som låg aller nærast av dei som hadde litt passasjerkapasitet var Nordenfjeldske sitt hurtigruteskip «Kong Harald». I dei åra var Stavanger endestogget for denne ruta. 

Ogso fleire lokalskip og private båtar kom til. Men den verkelege dåden var det kystruteskipet «Kronprinsesse Märtha» som kom til å gjera, då det, takka vere kaptein Lars Pallesen, i ein aldeles prekær situasjon klarte å berga 600 menneske. Medan berginga stod på, krengde «Dresden» snøgt over, og akterskipet sokk straks etter. 

Det gjekk gjetord om denne bragden. Kaptein Pallesen fekk eit diplom underteikna av Adolf Hitler for den dåden. Det diplomet førde til at Lars Pallesen jr., som i 1943 vart arrestert av Gestapo og send til Sachsenhausen; han kom i februar 1944 attende til Grini og vart frigjeven 20. juni 1944, på ti- årsdagen for faren sin bergingsdåd. Faren sin innsats berga altso sonen sitt liv. 

Kor vart dei av, alle dei store turistskipa som vitja fjordane våre i åra like før andre verdskrigen? 
Fleire vart senka medan dei var i troppetransport, andre vart bomba i hamn. Og so vart sjølvsagt fleire av dei so umoderne og dyre i drift, at dei enda som spiker. Det gjorde Fylkesbaatane sine beste «turistbåtar» óg, truleg óg «Fanaraaken», som sokk på hamna i Pireus... 
----------------------------------------------------- 
Kjelde: FSF - Fjord og kyst 1998 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal