Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Skipsfart
 

   

    
Over havet utan styrmann
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 24.10.2003

Signal frå satelittar gjer det mulig å sende eit skip over havet - utan eit menneske ombord. Ingen behøver å stå på brua. Teknikken på avanserte skip klarer alt. 

Stjerner og Sola sin stilling var, saman med kompass og sjøkart, dei viktigaste hjelpemidlane for navigasjon sjøfolka hadde å hjelpe seg med heilt fram til slutten av den andre verdskrig. Hjelpemidlane finn ein framleis i himmelrommet, men no i form av satelittar i 20 000 km høgde. 

Det amerikanske Global Position System (GPS) har vore i bruk på skip lenge. Navigatoren mottar signal frå 3 satelittar, og ut i frå signala kan ein beregne avstanden til satelitten, og dermed finne den ekstakte posisjonen skipet har. 

Ruta til skipet vert koda inn på ei datamaskina. Satelittane informerer datamaskina om posisjon, og den forandrar skipet sin kurs om nødvendig. Gyrokompasset viser kva kurs skipet har, og dermed kan autopiloten styre etter desse opplysningane. 

Men sjølv om det er mulig å sende ubemanna skip over verdshava, er det ikkje tillatt. Det må være nokon ombord som kan halde utkikk, slå av automatikken og styre unna hindringar. 

I dag er GPS i bruk overalt i skipsfarten, også i fritidsbåtar. 

Også til bruk på land 
Soldatane frå dei allierte styrkane under Golfkrigen kunne ved hjelp av små bærbare navigatorer få vite nøyaktig kvar dei var med ein feilmargin på 1-5 meter i radius.

Idag kan ein kjøpe sin private navigator. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal